Ut frå feeden til enkelte vener av meg skulle ein tru at det var Jesus himself som var på veg tilbake. Forsidebilete, avatarar, statusar, tweets, e-post, og sikkert til og med faks har blitt nytta for å evangelisere om attendekomsten til det ein skulle tru var ei ny tidsrekning. Kva er årsaka til denne viraken? Ein fjerde sesong av tv-serien Arrested Development.

Historia om den éine sonen som må halde saman sin ekstremt dysfunksjonelle familie fekk mange fans då det gjekk på tv fram til 2006, og ikkje minst då etterslengarar kunne kjøpe serien til heimekinoen og studere dei mange intrikate internvitsane i detalj.

Via Netflix har serieskapar Mitchell Hurwitz fått lov til å lage ein ny sesong, som har endt opp med å ta både det beste – men òg det verste frå serien – vidare til strøymetenesta.

Les også: Hemlock Grove slår House of Cards på sjåartal

Arrested Development. (Foto: Netflix)
I all hovudsak er det slik me får sjå dei kjende figurane – éin om gangen. (Foto: Netflix)

Meir plott, meir alt, men mindre mellommenneskeleg

Fjerde sesong tek utgangspunkt i det same universet, dei same figurane og den same humoren – men rokkar ved nokre grunnvollar. «Straight man» Michael (Jason Bateman) bryt i første episode med familien han nytta tre sesongar på å halde saman, og kvar av dei 15 episodane i serien tek no utgangspunkt i eitt anna familiemedlem og korleis dei taklar den oppløyste familien.

Heile sesongen tek stad i nokolunde det same tidsrommet, men kvar episode følgjer handlinga frå den eine figurens synsvinkel.

Det er vanskeleg å skulle samle plottet i det heile teke, men utgangspunktet er at den velståande Bluth-familien – dersom familie i det heile teke er dekkjande for gjengen – er i finansiell, emosjonell og spirituell trøbbel. Det involverer tre generasjonar, tryllekunstar, pedofilianklager og reiser til India. Det er ikkje vits å nytte plass på å oppsummere alt, fordi det er mykje. Og på sitt beste er det heilt fantastisk morosamt.

Mange av kjenslene frå sniktitten vår ligg framleis og vaker, men etter endt sesong er eg meir positivt innstilt. Hurwitz, som etter å ha gått hardt ut mot tradisjonell seriestruktur i tida før premiera, har moderert seg og anbefalt folk å sjå sesongen i framlagt rekkjefølgje. Sesongen startar med å veve eit nett som ikkje heilt får utfolde seg før vel halvveges.

Videointervju: Skodespelarane: – «Arrested Development» blir annleis

Michael Cera speler George-Michael Bluth. (Foto: Netflix)
Michael Cera speler George-Michael Bluth. (Foto: Netflix)

Startar sakte, tek av i eit bad av internvitsar

Det etter kvart litt slitne «Me såg på det som ein kjempelang film»-premisset som alle Netflix-serieskaparane har nytta i PR-arbeidet det siste året, gjelder i høgste grad i Arrested Development. Faktisk vil eg moderere fråsegnet mitt frå sniktitten, eg er viss på at ein eller anna dedikert fan kjem til å mikse, klippe og redigere saman heile sesongen til ein 8 timar lang film. Og kanskje eg vil like det betre?

Pay-offen kjem eigentleg ikkje før du har sett alt, og så gløtta attende på eit par episodar igjen, for å plukke opp artige ting i bakgrunnen du gjekk glipp av første gong. Du må nesten gjere litt tolkingsarbeid sjølv for å avgjere om det er verdt det. Første halvdel av sesongen vert eit oppspark til resten, som er vél verdt ein kikk. Det vert herleg mørkt til tider, den svarte humoren til Mitchell og manusforfattarane er glimrande.

Det som først og fremst skildrar sesongen – og for så vidt, Arrested Development som heilskap – er eit bad i eigne interne vitsar. Uforståelege spørsmål vert klargjort fire episodar etter, kameracrew i bakgrunnen får plutseleg sin tur framfor kameraet, og strutsar – strutsar, over alt.

Nye figurar kjem òg til – heldigvis. Her Isla Fisher. (Foto: Netflix)
Nye figurar kjem òg til – heldigvis. Her Isla Fisher. (Foto: Netflix)

Vel, serien har alltid vore for dei som nyt gleda av å pause filmar for å sjå om det er nokre såkalla «easter eggs» i bakgrunnen, men er ein serie ein god serie når ein må sjå den halvanna gong for å få ta poenget?

Les også: Hva betyr et terningkast?

Har endra dynamikk sidan TV-sesongane

Den største skilnaden frå dei tidlegare sesongen er kva som får kome i fokus. Borte er mykje av persondynamikken mellom familiemedlemma, fordi dei stort sett er på kvar sin kant av landet – i all hovudsak fordi skodespelarane var opptekne med kvar sine prosjekt. I staden er internvitsane i større grad enn før fokus, og til tider litt vél opplagde. Når ein figur irriterer seg over ein ikkje vist person bak seg på flyet i ein episode, så veit ein at ein seinare får sjå kven provokatøren er.

Nokre av figurane, som den overflatiske Lindsay og bestefar George Senior, klarar ikkje heilt å halde episodane oppe på eiga hand. Difor verkar nokre av hendingane meir som ein episode av spinoffserien Joey oppimot Friends enn det som gjorde Arrested Development så bra. Ensemblet har ikkje heilt grunn å stå på, og eg saknar fleire samhandlingar mellom familiemedlemma.

M-m-m-mamma! (Foto: Netflix)
M-m-m-mamma! (Foto: Netflix)

På den andre sida, når det fungerer, så fungerer det knallbra. Episodane til Buster – som diverre er litt lite i sesongen generelt, Maeby – som trekkjer trådar, og ikkje minst Gob – som nesten dukkar opp i Entourage – er rett og slett meir morosamt enn det meste anna på TV for tida. Den observante sjåar vil finne at alle desse episodane er mot slutten av sesongen.

Intervju: Mitch Hurwitz om sesong 4: – Den dårlege nyheita er at eg kjem til å gjere det same neste gong

Eg klarer ikkje å stille meg heilt heilhjarta bak tv-serien, men om ein grev lenge nok vil ein til slutt finne gull. Spørsmålet om det er ok å sjå seg gjennom «ok» underhaldning eit par timar før vert fantastisk mot slutten er eit som framleis består usvart.

Det er alltid gøy med nye tv-serieformater. Men, er dette framtida?

Fjerde sesong av Arrested Development vart lansert 26. mai for alle Netflix-regionane – òg Noreg.

Om SERIEN

Arrested Development
  • Arrested Development
  • Slippdato: 26.05.2013
  • Sesong: 4
  • Regi: Mitchell Hurwitz, Troy Miller m.fl.
  • Utgiver: Netflix
  • Originaltittel: Arrested Development
  • Sjanger: Komedie