Då Disney valde å gjere Merida, hovudrolla i Pixar-filmen Brave (Modig på norsk), til den ellevte offisielle Disney-prinsessaTM vart det bråk.

I prosessen kunne det nemleg sjå ut som om selskapet tok vekk det viktigaste i figuren, nettopp at ho ikkje var så «prinsessete». I overgangen frå den litt opprørske jenta med rufsete hår og pil og boge, har ho i staden blitt tynnare og meir raffinert – ikledd kjolen ho hata i filmen.

Prinsesse Merida, før (til høgre) og etter (til venstre) «prinsessemakeoveren» sin. (Foto: Disney)
Prinsesse Merida, før (til høgre) og etter (til venstre) «prinsessemakeoveren» sin. (Foto: Disney)

Anmelding: Modig: – Er det lov å være skuffet over en helt grei film?

Sparka regissør kastar seg på diskusjonen

No har Brenda Chapman, som tidleg vart sparka frå regissørstillinga i filmen etter såkalla «kreative skilnader», gått ut og støtta underskriftskampanjen for å få gjort ho meir som i filmen igjen, ifølgje Marin Independent Journal (via IGN):

– Merida var laga for å bryte støypeforma – for å gi jenter ein betre, sterkare rollemodell, noko meir oppnåeleg, med substans – ikkje berre eit vakkert andlet som ventar på romanse, seier ho.

– Disneys marknadsføring og kreftene som let dei gjere slikt burde skamme seg.

Den Oscar-vinnande regissøren meiner det er synd at Disney på denne måten gjer den meir realistiske tenåringsversjonen utilgjengeleg når Merida verty innlemma blant andre stornamn som Snehvit, Askepott og Pocahontas.

Les også: Pixar lager sin fjerde oppfølgjar på fire år

Disney med fråsegn

«Bloggosfæren» (er det framleis lov til å skrive det? – journ.anm.) har gått skarpt ut, og kravd svar og handling frå Disney. Førebels har dei svart med eit sentralt fråsegn til debatten, som eigentleg ikkje seier så mykje om dei ytre endringane:

– Merida er eit eksempel for Disney-prinsessene ved å vere modig, lidenskapeleg, og sjølvsikker. Ho er den same sterke og bestemte Merida frå filmen som har inspirert mødrer og døtrer over heile verda med sine indre kvalitetar.

Alle prinsessene har fått ei ytre endring til noko meir «søtladent» ved kroninga til offisiell prinsesse, sikkert for å gjere det meir salbart, men Merida er på mange måtar litt annleis enn den tradisjonelle Disney-prinsessa.

Dog, ho har faktisk fått behalde pil og bogen på eitt av dei nye bileta. Ikkje nok, ifølgje Brenda Chapman.

Overreaksjon eller heilt på sin plass – kva synest du om debatten?