Det er vår, og i likskap med blomane sprett nye tv-seriar opp som paddehattar. I desember i fjor bestilte HBO ein pilotepisode frå regissør Andrew Haigh (Weekend), og manusforfattar Michael Lannan (Remember Me) og no har dei godkjend serien for ein åtte-episodars sesong. Med seg på laget har han David Marshall Grant (Brothers & Sisters) som produsent, og blant andre Jonathan Groff (Glee, Boss) i ei hovudrolle, skriv TVLine.

Andrew Haigh, regissør for «Weekend». (Foto: Arthaus)
Andrew Haigh, regissør for «Weekend». (Foto: Arthaus)

Serien, som enno ikkje har fått namn, skal omhandle tre homofile menns liv i San Fransico, og korleis dei takler miljøet og kulturen rundt seg.

Historia er presentert som ein «dramedy» – ei samanfatning av drama og komedie – ikkje heilt ulikt ordlyden som er nytta om HBO-serien Girls, som har hatt ei liknande reise til tv-skjermen.

Manusforfattar Lannan fekk oppdraget basert på filmen Lorimer som han regisserte i 2011, som har eit liknande tema. På same måte var det oppsikten Lena Dunham fekk med filmen Tiny Furniture som førte til at ho vart sett saman med produsent Judd Apatow på Girls.

Å setje unge manusforfattarar i kontakt med meir erfarne serieskaparar har altså fungert tidlegare, så det er knytt stor spenning til forteljinga.

Les og hør: Andrew Haigh: — Eg vil ikkje alltid lage filmar om homofile karakterar

Fleire seriar frå HBO

Målet er å starte produksjonen raskt, med premiere i 2014. Nyleg hadde HBO òg premiere på Family Tree med Chris O’Dowd (The IT Crowd, Girls) i hovudrolla som den historiesøkande Tom som leiter i familietreet sitt i eit forsøk på «å finne seg sjæl».

Stephen Merchant

Dei er òg i gang med første sesong av Hello Ladies frå The Office– og An Idiot Abroad-skapar Stephen Merchant, som òg speler hovudrolla som ein engelskmann som reiser til USA for å finne drøymedama si.

Les også: 2012: Årets beste serier

I tillegg skal dei lage miniserien Criminal Justice med James Gandolfini som advokat, og sjukehusserien Getting On, som båe er gjenskapingar av britiske seriar.

Til neste år vil me òg få seriane True Detective med Matthew McConaghey og William Harrelson som detektivar på jakt etter ein seriemodar, og Open som vil gi Glee-skapar Ryan Murphy endå ein ny måte å undersøke seksualitet på – heilt sikkert på ein anna måte enn i Glee og American Horror Story.

HBO vil halde fram med nye sesongar av seriane Girls, Veep og – kanskje inga overrasking – Game of Thrones.