– Om vi har eit problem med spørsmålet ditt, så vil du kjenne eit svakt elektrisk sjokk frå telefonen din.

Eg veit jo at Mitchell Hurwitz, serieskaparen bak Arrested Development, tullar, men eg tek likevel ein ekstra kikk ned på telefonen min.

«Arrested Development»-skapar Mitchell Hurwitz. (Photo by Michael Buckner/Getty Images for Netflix)
Mitchell Hurwitz. (Photo by Michael Buckner/Getty Images for Netflix)

Etter å ha utgitt fjerde sesong av den småabsurde humorserien var amerikanaren spent på mottakinga, som har vore blanda – både frå rosande lovprisingar, til kjempekritiske anmeldingar.

– Eg prøver å ha ei open tilnærming til det. Folk vil jo bli elska heile tida, men det er ikkje realistisk. Anmeldingane eg likar minst er dei som eg er einige, som ‘Jepp, dei har rett i det, det gav aldri meining’, seier Hurwitz.

– Den dårlege nyheita er derimot at eg kjem til å gjere det neste gong òg, fordi eg likar ideen om å leike med formatet og finne nye måtar å angripe tema i familien på.

Les også: «Arrested Development» tilbake i mai

Kreativ fridom og tilfeldig rekkjefølgje

I tida før premiera gjekk Hurwitz ut og sa at serien skulle kunne sjåast i kva rekkjefølgje som helst, men då redigeringsprosessen nærma seg ferdig endra han standpunkt.

– Då eg gjekk inn i denne Netflix-greia, så fekk eg så mykje kreativ fridom, men plutseleg hadde eg restriksjonar på tilgjengelegheit på skodespelarane. Eg omfamna det verkeleg, verkeleg som ein måte å nytte nye media til å fortelje ei historie på, ikkje berre gi folk det dei ville ha.

Problemet med tilfeldigheita kom når det faktisk var spøkar som trong ei form for oppbyggjing.

– [Michael] veit sanninga om kvinna han dater, og i neste episode veit han ikkje sanninga om kvinna han dater, så det som kom fram var at om ein håper å fortelje ein start, midt og ein slutt, så er tilfeldigheit fienden, seier Hurwitz.

– Men etter du har sett episodane blir det artig å sjå i kva rekkjefølgje som helst, sidan hjernane våre takler akkurat det. Så, det handler om historieforteljing, ikkje sant? Hjernane våre er skrudd saman for å følgje historier!

Skodespelarane: – «Arrested Development» blir annleis

Herbert Love (t.v.) er meir enn berre litt basert på Herman Cain (t.h.) i «Arrested Development». (Montasje: AP Photo og Netflix)
Herbert Love (t.v.) er meir enn berre litt basert på Herman Cain (t.h.) i «Arrested Development». (Montasje: AP Photo og Netflix)

Rådville republikanarar

Eit av seriens varemerker er litt sære biroller. Terry Crews (Everybody Hates Chris, Old Spice-fyren) speler i fjerde sesong ein mørkhuda republikansk kongresskandidat ved namn Herbert Love, tydeleg inspirert av den litt sære presidentkandidaten Herbert Cain.

– Det var ei tid då republikanarane var litt desperate. Plutseleg kunne du ikkje snu deg rundt utan å sjå ein velkledd afro-amerikanar… øhm, korleis formulerer eg dette, mon tru. Plutseleg såg det ut som om det republikanske partiet var 90 % afro-amerikanarar! Det kjendest òg akkurat passe politisk ukorrekt.

Hurwitz har skrive humor for TV sidan Pantertanter på 90-talet, og synest det er for enkelt for manusforfatterar å ta for lett på grupper som er rekna som minoritetar.

– Det er alltid vanskeleg med minoritetar i komedier, ein har ein tendens – anten det er homofile, afro-amerikanarar og så vidare – til å gjere dei ‘feilfrie, ellers gjer me narr av dei’, seier Hurwitz, som meiner Herbert Love var ei god løysing.

– Her er noko me kan gjere narr av, her er ein god måte å lage moro ut av nokon som tilfeldigvis viser seg å vere svart: Me gjer han til ein republikanar!

Arrested Development. (Foto: Netflix)
Framtida til Michael og dei andre er litt uviss. (Foto: Netflix)

Men kjem det meir?

Sidan det vart kjend at Netflix skulle plukke opp Arrested Development for ein fjerde sesong har spekulasjonane gått, kva hender etterpå? Blir det den lenge lova filmen, eller ein sesong til? Tidlegare har Netflix-sjef Reed Hastings benekta ein femte sesong, men etter populariteten til serien – og slutten på fjerde sesong – å dømme, er det vanskeleg å seie kva som kjem.

– Håpet mitt var og er at me skal lage ein kinofilm. Eg hadde kartlagt kva som skulle hende, med kollegaene mine, men då eg starta innsåg eg at, vent litt, eg har ein 90 minutter lang film mot eit 8 timer langt tv-show, så eg byrja å nytte litt frå filmen inn i tv-serien. Det er mykje ein kan gjere på tv, som eg i teorien ikkje kan gjere på film.

– Men akkurat på det tidspunktet var det berre snakk om å gjere ein film. Det verka som om det var den einaste mogelegheita då, men livet til ei familie verkar å gjere seg absolutt best på tv-skjermen.

Anmelding: Arrested Development S04: – Meir alt, mindre mellommenneskeleg!

Han nemner at det har blitt diskutert scenarier der ein lagar ein film for Netflix, men at det er gode argument for både tv-serie og film. Dermed er ingenting avgjort enno, men om det ikkje skulle bli meir, så føler Hurwitz likevel at det har blitt ein slags slutt på det.

– Heile serien er ein sirkel, og alle er «arresterte» og fell alltid attende til gamle vaner. Om me aldri returnerer, så kan du sjå tilbake på den siste episoden i denne sesongen og seie, ‘Wow, sjå på det, han braut ut av Bluth-sirkelen’.

– Kva hender etterpå? Vel, eg har svara på det, men eg treng nokon som kan gi meg tillating til å fortelje dei.

Kva synest du om Arrested Development?