Nintendo var den einaste av dei store konsollutgivarane som valde å ikkje halde ein eigen pressekonferanse på sjølve E3-scena i LA denne veka. I staden gjekk dei for ein direktesendt, netteksklusiv sending i settinga dei sjølv har vald å kalle Nintendo Direct.

På førehand var det venta at me skulle få sjå mange gamle heltar i nye formater, og eit lite fåtal nye. Dog, at det skulle vere fullt så safe som dette, hadde ein kanskje ikkje kunne håpe.

Nintendo-sjef Saturo Iwata tok stort sett det japanske selskapets velkjende lineup, sette eit 2-tal eller ein «U» på slutten, og sa seg nøgd med det.

Sjå heile videoen i toppen av saka

Men det ser jo gøy ut da

Dog, det verkar absolutt som artige spel. Etter ein Pokémon-oppdatering som lova oss ein ny monstertype (fairy), og at me skulle kunne kose med pokémonar i eit Nintendogs-aktig grensesnitt, viste Nintendo fram sitt neste spel i Super Mario 3D Land-serien, Super Mario 3D World.

Nytt av året er at prinsesse Peach nok ein gong vert ein spelbar karakter, og at ei ny spesialoppgradering vert tilgjengeleg for heltane – ei kattedrakt.

Drakta gir deg mogelegheita til å klore deg fast, og angripe med klørne. Kattekostymet er såpass søtt at eg må sitere Filmpolitiets Rune Håkonsen:

Trailer for «Bayonetta 2»

– ÅH, HERREGUD! PUSEKATT-MARIO! Jeg er overbevist allerede!

I tillegg kjem nye spel frå Mario Kart-, Smash Bros-, Donkey Kong Country-, Wii Party– og Wii Fit-serien – og med unntak av traileren for Bayonetta 2 såg alt ut som familievenlege, trygge spel å nytte tida si på.

Mega Man dukkar opp i neste Smash Bros-spel, og det er koseleg med ein Wind Waker-remake, men er det det Nintendo burde fokusere på?

Les også: Nintendo: – Fleire trur ein Wii U berre er ein Wii med ein trykkskjerm

Nokre nye ansikt

Innimellom dei velkjende andleta fekk me òg sjå nokre nye ansikt. Ein utvida kikk på lovande The Wonderful 101 viste korleis ein styrer den stadig aukande gruppa med superheltar mot rominvasjonen, ved hjelp av spesielle gester.

Kanskje kan dette bli årets ZombiU, eit spel som faktisk benytter seg av gamepaden på ein interessant måte.

Nintendo gjorde òg det same som i januar, og viste ein iaugefallande demonstrasjon frå ei storslått verd full av kamprobotar, saman med ein mystisk X-logo.

Spelet kjem frå skaparen av Xenoblades, selskapet Monolith Soft, og har enno ikkje fått eit offentleg namn.

For trygge?

Det siste året har vore prega av dårlege tal for Nintendo Wii U, redda av gode tal for Nintendos handhaldne maskin Nintendo 3DS. For 2012 endte selskapet opp med eit driftsresultat på 1,3 milliardar kroner.

Les også: Wii U selgjer langt mindre enn forventa, taper milliarder

Kveldens presentasjon har kanskje ikkje skapt nokre nye må-ha-kjøp for den jamne gamer, men forventningane til fans av dei gamle seriane er nok tilfredsstilt. Likevel, fleire sakna nok nyheiter om det lova «revolusjonerande» Zelda-spelet, som Nintendo så vidt nemnde i januar.

Nintendo sette «moro» i sentrum på årets E3-presentasjon, men som meldt tidlegare – hovudproblemet er framleis at dei lener seg for mykje på sine velkjende figurar.

Fleire spekulerer for tida om Wii U vil verte den siste stovekonsollen til Nintendo. Fullt så ille trur eg ikkje det er, om historia gjentek seg, så vil uansett Nintendo kome ut av det med hovudet heva. Dog, vinkelen på haka vil nok vere lågare enn den har vore tidlegare.

Kva synest du om Nintendos E3-presentasjon?

Les også: Alt fra E3 2013

Alle spela frå dagens presentasjon:

  • Pokémon X og Y, 12. oktober 2013
  • Super Mario 3D World, desember 2013
  • Super Mario Kart 8, våren 2014
  • Wii Party U, slutten av 2013
  • Wii Fit U, utsatt til vinteren
  • Art Academy, sumaren 2013
  • Tredjepartsspel i 2013: Assassins Creed IV: Black Flag, Batman: Arkham Origins, Batman: Arkham Origins: Blackgate, Deux Ex Human Revolution: Directors Cut, Disney Infinity, Rayman Legends, Scribblenauts Unmasked: A DC Comics Adventure, Disneys Planes, Skylanders Swap Force, Shin Megami Tensei IV, Splinter Cell: Blacklist, Sonic Lost World, Watch Dogs
  • Uavhengige eShop-lanseringar: Ballpoint Universe, Cloudberry Kingdom, Ducktales: Remastered, Dungeons & Dragons: Chronicles of Mystara, Mutant Mudds Deluxe, Oddworld: New’n’Tasty, Scram Kitty and His Buddy On Rails, Shovel Knight, Spin the Bottle, A World of Keflings
  • Wind Waker-remake, oktober 2013
  • Wonderful 101, 23. august 2013
  • Donkey Kong Country: Tropical Freeze, slutten av 2013
  • Bayonetta 2, lanserast i 2014
  • Monolith Soft Xenoblade-oppfølgjar, lanserast i 2014
  • Super Smash Bros for 3DS og Super Smash Bros for Wii U, lanserast i 2014