– Han var jo ikkje ein mann som drøymde om å spele i band. Det er jo ein heilt unik måte å sjå på bandverda og musikkverda å gjere, seier Ingvil Giske, produsenten bak Kaizers Orchestra-dokumentaren The Accidental Rockstar.

Helge Risa – kanskje betre kjend som Helge Omen Kaizer, mannen med gassmaska og pumpeorgelet – er utgangspunktet i filmen, som på éi side ein dokumentar om det norske bandet Kaizers Orchestra, men på eit tidspunkt òg skildrar Helges dykk inn i verda frå bandets univers.

– Der møter han karakterar frå Kaizers univers, og filmen går over til òg å vere ein diskusjon om identitet.

Dermed vil kanskje fiktive figurar som Violeta, doktor Mowinckel og andre vise seg i filmen. Trass utvaska skiljelinjer mellom fiksjon og musikkdokumentar, skal ikkje The Accidental Rockstar vere ein ny This is Spinal Tap.

Eit dykk inn i Kaizers univers. (Foto: Medieoperatørene)
Eit dykk inn i Kaizers univers. (Foto: Medieoperatørene)

– Det er ein alvorleg og ordentleg diskusjon. Humoren kjem meir fram i dei dokumentariske scenene i filmen.

P3Sessions: Kaizers spilte hele «Violeta Violeta, Volume 1» til ære for fansen

Folkefinansiering fører til nærare kontakt med fansen

Filmen er delvis folkefinansiert av fans gjennom tenesta Manymade, og oppnådde på torsdag dei 20 000 euroa som kampanjen hadde som mål. Først var pengane den viktigaste motivasjonen, men etter kvart har det endra seg. Det likar både Giske og regissør Igor Devold.

– Det som har hendt er at me føler me har fått så god kontakt med dei som har gitt oss pengar, at det no er den største verdien. Me har kontakt med folk, dei gir oss innspel, og regissøren merkar eg at vert mykje meir kreativ. Han får gode idear av å ha denne kontakten.

Støtte av filmen kan føre til alt frå namnet sitt i rulleteksten, til ein visning av filmen på sjølvvald stad. Ingvil Giske ser ikkje vekk frå at dei vil nytte den same modellen på seinare filmar.

– Det er ei uvant kjensle for oss som lager dokumentarfilm! Det at folk – vanlege menneske – gir av sine private pengar, det er utruleg fint, seier Giske.

The Accidental Rock Star har planlagd premiere tidleg i 2014, sjå trailer nederst i saka.

Les også: Kaizers til Rådhusplassen i sommer