Jo Nesbø, NBC og Universal TV verkar gira på TV-serien I am Victor. Etter at ein pilotepisode vart produsert og underkjend tidlegare i sumar, gjekk manuset gjennom ei omskriving før dei no prøver på nytt. John Stamos (Full House, Full House, Full House og eeehm Glee?) er framleis i hovudrolla som Victor Port, melder Deadline.

Når vart onkel Jessie skilsmisseadvokat? (Foto: Jason Kempin/Getty Images/AFP)
Når vart onkel Jessie skilsmisseadvokat? (Foto: Jason Kempin/Getty Images/AFP)

Serien er basert på ei av Nesbøs komande bøker, I am Victor, og handlar om ein skilsmisseadvokat med «eit spesielt syn på menneskelege forhold».

Opphavleg var serien ei mørkare affære, med meir fokus på Victors personlege liv, men ifølgje Deadline tilsa publikumstesting at folk heller foretrakk han i arbeid som advokat og med eit litt lysare syn på livet.

Les også: Dårlige utsikter for Scorseses «Snømannen»

TV-serie. Just add daughter.

Nesbø er med som produsent, men det er Mark Goffman (White Collar, Special Victims Unit) som har skrive manus.

Den nye pilotepisoden har fått med seg nye skodespelarar. Med unntak av Stamos har ein Matthew Lillard (Scooby Doo) som bestevenen Elliot, Angela Sarafyan (Twilight Breaking Dawn: Pt. 2) som assistenten Cucumber, McKaley Miller som Victors dotter Dana, samt Kosha Patel og Josh Zuckerman som unge lærlingar.

Ei nyinnskriven dotter er alltid eit faresignal i mine øyre. I verste fall omarbeidast serien til i større grad å bli ein «procedural» – der episodane er i større grad frittståande, og heller fokuserer på «vekas sak» enn menneska rundt sakene.

Lat oss berre håpe at den med dette ikkje fell inn i C.S.I.– eller Special Victims Unit-fella, og blir litt for formelbaserte. Om serien blir for glad, kan dette òg raskt bli meir som Castle eller Save Me. Ikkje at det er gale i seg sjølv, men er det Jo Nesbøsk?

Deadline skriv at I Am Victor siktar no mot pilotinnspeling i august, med håp om seriebestilling til neste år.

Onkel Jessie og Jo Nesbø samarbeider. Kult?