Kon-Tiki hjelper fleire inn i den amerikanske filmverda. Tobias Santelmann, som spelte Knut Haugland, fått ei rolle mot Dwayne «The Rock» Johnson i Hercules: Thracian Wars, melder THR.

Santelmann skal spele Rhesus, som skal vere ein blond barbar og revolusjonær som er Hercules hovudmotstandar.

Hercules: Thracian Wars, regissert av Brett Ratner (Rush Hour, Prison Break), har som mål å ta alt det overnaturlege ut av den greske heltehistoria, og heller fokusere på Hercules som ein leiar av greske leigesoldatar – som byrjar å undre på sitt siste oppdrag. Historia er basert på Radical Comics-teikneseria med same namn.

The Rock (Foto: WWE/Arkiv)
Dwayne Johnson skal spele hovudrolla som Hercules (Foto: WWE/Arkiv)

Norske Kon-Tiki, som vart nominert til beste ikkje-engelsk-språklege film ved årets Oscar, hjelpte òg regissørane Joachim Rønning og Espen Sandberg til jobben med Pirates of the Caribbean 5 i mai.

Les også: «Kon-Tiki»-regissørane får «Pirates of the Caribbean 5»

Speler mot fleire nordmenn

Santelmann vert dermed den tredje nordmannen på rollelista, ettersom Aksel Hennie og Ingrid Bolsø Berdal tidlegare er hyra inn til filmen. Hennie som Hercules’ gale medhjelpar Tydeus, og Berdal som den kvinnelege hovudrolla.

– Det er mykje action i filmen, og det er ein type arbeid eg synest det er artig å arbeide med, og som eg har erfaring med frå før. Det er veldig stas å få ei slik oppgåve, sa Berdal til Filmpolitiet i mai.

Les også: Ingrid Bolsø Berdal og Aksel Hennie i amerikansk storfilm

Filmen er beskrive som ein såkalla «tentpole» for MGM, ein film som er venta å vere ein stor kassasuksess, og starten på ein ny filmfranchise. Beskrivinga er absolutt lovande for dei norske involverte.

Hercules: The Thracian Wars skal ha starta innspeling allereie, og er planlagd for amerikansk premiere i juli 2014.

Fleire og fleire norske skodespelarar i internasjonale filmar. Kva trur du om det?