Når regissør Steven Spielberg (E.T., Jurassic Park, Lincoln) snakkar, så høyrer folk. Eventuelt, så får dei iallfall med seg bodskapet når han lagar ein film om det litt etterpå. På opninga av ein ny filmskule i Los Angeles denne veka, sa filmskaparen klart frå kva han trudde om filmbransjens framtid, ifølgje The Hollywood Reporter. Og det er ikkje pent.

– Det kjem til å bli ein implosjon – eller ei nedsmelting. Det kjem til å bli ein implosjon der tre-fire, eller kanskje til og med eit halvt dusin megabudsjettfilmar kjem til å krasje i bakken, og det kjem til å føre til eit paradigmeskifte.

Anmeldelse: «Jurassic Park» kommer tilbake på kino – 20 år etter

Til studentar og andre frammøtte kunne han og George Lucas (Star Wars, American Graffitti) fortelje om ein bransje i stor endring, der filmar som Lincoln aldri dukkar opp på kino, men berre for heimepublikum i ei eller anna form.

– Og det gjorde den nesten. Like før – berre spør HBO – like før, sa Spielberg.

Lincoln vart nesten ein HBO-film, ifølgje Spielberg.
Lincoln vart nesten ein HBO-film, ifølgje Spielberg.

HBO var òg selskapet som snappa opp Steven Soderberghs Liberace-film Behind the Candelabra då filmselskapa ikkje ville ha den – ifølgje regissøren sjølv, på grunn av filmens homofile radarpar.

Les også: «Behind the Candelabra», en av de beste filmene på Cannes 2013

Framtida er heimekinoen

Spielberg og Lucas har erfaring i videospelbransjen (hovudsakleg som produsentar, men òg direkte i kreative prosessar), men båe meiner at videospel hittil ikkje har klart å få publikum til å bry seg om karakterane på same måte som i film (dei om det).

Problema i filmbransjen er likevel litt annleis enn det kreative, det går meir på eit enormt fokus på dei største filmane, meiner dei erfarne filmskaparane.

Dei to trakk fram Lucas førre film, Red Tails, om afroamerikanske pilotheltar under andre verdskrig. Filmen fekk blanda mottaking når den først kom på kino, men var notorisk vanskeleg å få ut i det heile teke.

Les også: Lucas slutter med storfilmer etter «Red Tails»

– Me snakkar om ein situasjon der det er vanskeleg for Steven Spielberg og George Lucas å få filmane sine til kinosalen, sa Lucas.

– Nålauget for å kome på kinolerretet vert mindre og mindre.

I panelet hylla dei frammøtte Netflix, kabel-tv og andre streamingtenester som framtida, som dei meiner tek større sjansar enn dei store filmselskapa.

Spielberg hadde «ingenting å annonsere» på spørsmålet om han sjølv skulle gjere noko for Netflix, men held for tida på med to ulike spelbaserte prosjekt for heimemarknaden – han passar for tidapå produksjonen av Need for Speed-filmen og skal produserere ein TV-serie basert på Halo-universet.

Er kinonålauget for smalt, eller har berre Spielberg og Lucas blitt gamle?