I 2008 døydde rumenske Claudiu Crulic av komplikasjonar i fengsel som følgjer av feilbehandling etter at han svoltestreika. Årsaka var at han følte seg urettvist behandla i det polske rettssystemet, som aldri undersøkte bevisa han hadde for at han ikkje ein gong var i landet då forbrytinga hendte. Moralen er at systemet er forferdeleg, og at svoltestreik er endå verre.

Sånn, då har eg forklart deg – på tre setningar – det regissør Anca Damian nyttar 73 lange minutt på å forsøke å vise deg. Det er ei viktig historie, men i prosessen har nokon blitt meir forelska i formen på forteljinga, enn kva den skal fortelje.

Om du vil sjå ein fantastisk film om svoltestreik i fengsel, basert på ei ekte historie, så ser du fantastiske Hunger frå regissør Steve McQueen (Shame) med Michael Fassbender i hovudrolla. Rett og slett.

Crulic - stemmen fra graven.
Claudiu Crulic etter sin første arrestasjon. (Foto: Europafilm)

Den animerte dokumentaren Crulic – stemmen fra graven er ein god tanke, men den kjem i vegen for seg sjølv.

Anmelding: Shame: – Sterk prestasjon av Michael Fassbender!

Mange ulike typar animasjon

I små augneblink her og der er historia gripande, artig, og omtalar Aust-Europa med eit lettare ironisk blikk. Skodespelaren Vlad Ivanov fortel historia frå Claudiu sitt perspektiv, som ei stemme frå grava.

Gjennom 100 fotografi og enkle animasjonar får me historia frå barndommen i Romania, via ein ungdom beståande av å selje utanlandske ting i sitt heimland («på 90-talet var rumenarar opptekne av å kjøpe ting som var ‘Made in NOT Romania’», som forteljarstemma seier det), fram til arrestasjonen.

Hovudsakleg er det ei blanding av dukke-, data-, utklipps- og akvarellanimasjonar som blir vist fram. Ofte vakkert, men minst like ofte lite heilheitleg og anmassande. Tidvis vert «Claudiu» si stemme erstatta av Jamie Sives (Game of Thrones) som fortel korleis historia kunne ha endt, om alle hadde fulgt reglane.

Problemet er at det er for langt mellom høgdepunkta. Filmen nemner ikkje med eit ord kvifor me eigentleg skal bry oss om Claudiu før det har gått ein halvtime, berre at han er død, og at han no skal fortelje livshistoria si.

Litt som han fyren på puben som insisterer på å fortelje deg alt om heimstaden, mot å spandere ei øl. Denne gongen fekk eg ikkje med meg øla ein gong.

Crulic er historia om eit justismord i Polen – om å vere fortapt i Europa sine byråkratiske system – som seinare førte til at utanriksministeren i Romania gjekk av. Det overraskar meg at det ikkje kan gjerast meir engasjerande.

Anmelding: Vals med Bashir: – Bemerkelsesverdig animert dokumentarfilm

Crulic - stemmen fra graven.
Claudiu Crulic sitt animerte alter ego mot slutten av levetida. (Foto: Europafilm).

Vert borte i eigne verkemiddel

Eg prøver ikkje å seie at Anca Damian måtte ha gått for ein meir tradisjonell dokumentarstil. Ari Folmans animerte Vals med Bashir nyttar både drøymesekvensar av nakne, blå kjempekvinner, og skodespelarar i ulike roller, men klarer likevel å vere dynamisk og gripande heile vegen gjennom.

Når Crulic – stemmen fra graven viser meg tre minutter med eit laken som vert ført av vinden frå Polen attende til Romania, så lurer eg mest på kva eg skal ha til middag i dag. Filmen vert borte i eigne verkemiddel.

Dermed vert følgjene svoltestreiken og feilbehandlinga fekk for Claudiu og hans familie borte i bakgrunnen – uansett kor mykje eg enn måtte ha lyst til å bry meg om den.

Om FILMEN

Crulic – stemmen fra graven
  • Crulic – stemmen fra graven
  • Slippdato: 28.06.2013
  • Regi: Anca Damian
  • Utgiver: Europafilm
  • Originaltittel: Crulic - drumul spre dincolo
  • Sjanger: Animert, Dokumentar