Kommentar: Helgas Comic-Con fullbyrder eigentleg ein tanke eg har hatt lenge: 2015 er fullt, det er snart ikkje vits å planleggje fleire filmar det året.

Iallfall ikkje om du planlegg å ha publikum. For snart trur eg metningspunktet for kor mange filmar den jamne kinogjengar rekk å kome innom om i løpet av eit år (sjå lista over 24 forventa storfilmar til høgre).

  • 24 storfilmar med budsjett over 100 millionar dollar som er venta i 2015
  • Avengers 2: The Age of Ultron: 1. mai 2015
  • Fantastic Four-reboot: 6. mars 2015
  • Cinderella: 13. mars 2015
  • Madagascar-spinoffen Penguins of Madagascar: 26. mars 2015
  • Star Wars: Episode VII: mai 2015
  • Assassin’s Creed: 19. juni 2015
  • Terminator 5: 26. juni 2015
  • Pirates of the Caribbean 5: 10. juli 2015
  • Smurfene 3: 24. juli 2015
  • James Bond 24: 23. oktober 2015
  • Ant-Man: 6. november 2015
  • The Hunger Games – Mockingjay, part 2: 15. november 2015
  • Oppdrag Dory: 25. november 2015
  • Alvin and the Chipmunks 4: 11. desember 2015
  • Davinci-koden-oppfølgjaren Inferno: 18. desember 2015
  • Kung Fu Panda 3: 23. desember 2015
  • Jurassic Park 4: 2015
  • World of Warcraft: 2015
  • Avatar 2: 2015
  • Man of Steel 2: 2015
  • Pixars Inside Out: 2015
  • Independence Day 2: anteke 2015
  • The Adventures of Tintin: Prisoners of the Sun: anteke 2015
  • Prometheus 2: anteke 2015

Hollywood har lenge fått kritikk for å fokusere for mykje på «tentpoles» – storfilmar som skal sikre økonomien i åra som kjem, og sikre publikum neste gong den store helten dukkar opp igjen. Marvel/Disney er både den største syndaren – og på same tid den som har gjort det mest vellukka kvalitetsmessig.

Med sine hittil sju superheltfilmar har dei vist kor mykje ein blockbuster kan tene dersom den hukar av absolutt alle markeringsboksane, med store skodespelarar, store actionscener, ei mengd humor, ei mengd action, og nokre mennesker derimellom.

Anmelding: Iron Man 3: – Jernmann med angstanfall!

Ei bølgje av storfilmar

Andre har kasta seg på bølgja, og no er Man of Steel 2 på veg – just add a little Batman – med håp om å kunne lage store ensemblesuperheltfilmar på same måte som Marvel. Og dermed kjem 2015 inn, med minst 24 filmar som er planlagde storkasserarar.

Trass fleire storfilmar, går totalantalet filmar på norske kinoar ned. Toppen kom i 2006 med 236 filmar, sidan har det gått ned til 196 i 2012. Ein kjapp telefon til bransjeorganisasjonen Film og kino avslører at talet i år mest sannsynleg vert cirka det same – tentativt 213, men mest sannsynleg rundt 200.

Eg hevdar på ingen måte at me i Filmpolitiet ikkje er glad i actionfylte storfilmar – nokon vil til og med hevde me er for glad i dei – men det er synd om alle ender opp med å kvele kvarandre, og ikkje minst – alle dei andre mindre filmane på kinoar rundt om i landet.

Les også: Dei beste trailerane frå Comic-Con 2013

Får Spielberg rett?

I 2002 valde norske distributørar å flytte Die Another Day til byrjinga av 2003 for å unngå konkurransen frå Harry Potter og Ringenes Herre. Det same vil nok vere aktuelt for fleire av filmane i 2015.

Problemet då er kanskje at 2016 allereie ligg an til å bli eit stort blockbuster-år med ein Star Wars-spinoff, Star Trek 3 (om dei tek sikte på 50-årsjubileet til Star Trek), og minst to – hittil ukjende – Marvel-filmar planlagd.

– Det kjem til å bli ein implosjon – eller ei nedsmelting. Det kjem til å bli ein implosjon der tre-fire, eller kanskje til og med eit halvt dusin megabudsjettfilmar kjem til å krasje i bakken, og det kjem til å føre til eit paradigmeskifte, sa stjerneregissør Steven Spielberg i juni, og trakk fram spesialiserte strøymetenester og TV-seriar som den kreative arnestaden for skjermunderhaldning i framtida.

Med ein månad bak oss der The Lone Ranger, R.I.P.D., og White House Down har gjort det betrakteleg verre enn planlagd, rungar orda hans framleis i filmverda. Det er ikkje rart at Hollywood desperat jaktar på nytt publikum i Kina, men det er neppe nok.

Nokon kjem til å døy.

Vert 2015 året Spielberg får rett? Kan det bli for mange storfilmar i løpet av eit år?