– Vi er ikkje i TV-businessen, slår Netflix-sjef Reed Hastings fast, som vil late brukarane bestemme innhaldet i åra som kjem.

Fråsegna kom i ein nyleg analytikarsamtale der Netflix snakka om framtida etter sitt første halvår med originale, netteksklusive TV-seriar, melder Deadline. Med ei inntening på over 1 milliard dollar i andre kvartal kan nye innhaldstypar bli eit satsingsområde, meiner Hastings.

– Sjølv HBO og Showtime har sportssendingar.

På det same møtet skal innhaldssjef Ted Sarandos uttalt at det er langt frå utenkjeleg at dei utvidar til enkeltståande filmar, men at dei òg ser på mogelegheita for fleire eigenproduserte dokumentarar og fleire standupshow – tala deira viser at det er noko kundane ser etter.

– Netflix har blitt ein endeplass for fans av desse høgt elska, men ofte under-distribuerte, sjangrane, seier Hastings.

Orange is the new black. (Foto: Netflix)
«Orange is the new black» er den nyaste av Netflix-seriane.

Les også: Emmy-nominerte takker Netflix

Over 37 millionar abonnentar

Netflix viste òg ein solid oppgang på børsen sidan i fjor. Aksjeprisen har rett nok gått litt ned den siste tida, men mest fordi dei ikkje veks like kraftig som analytikarane hadde håpa på, trass sine 14 Emmy-nominasjonar

Kundebasen er no på rundt 37 millionar abonnement – 29.8 millionar i USA, og 7.75 millionar i verda elles – noko som er ein oppgang på rundt 1,2 millionar sidan mars. I april rapporterte cirka 4 prosent av nordmenn at dei brukte Netflix, rundt 200 000 (brukarar, ikkje abonnentar).

Inngangen i nye sjangrar vil uansett neppe endre mykje på deira noverande seriar. Både House of Cards, Orange is the new black og Hemlock Grove har bekrefta ein andresesong. Nyleg uttalte dei òg at samtalane var i gang for ein eventuell femtesesong av Arrested Development.

Det er likevel interessant at dei tenkjer på å bryte ut av serieskapinga, no som strøymetilbydarar som Hulu og Amazon Prime har byrja med eigne TV-serieprosjekt. Lat oss berre håpe dei held seg unna realitysåpene ei stund til.

Kva burde Netflix fokusere på?

  • Morten Joki Haukeberg

    Netflix burde absolutt fokusere på å utvide sitt film- og TV-serieinnhold med nytt innhold på det konkurrerende tids-markedet. Dette ser ut til å ha stagnert litt og virke tidkrevende, og ikke minst vanskelig. (Dette har vel med rettigheter etc. (?) Kanskje noen har en bedre grunn?)

    Men på en annen side har vi jo sett de suksessrike TV-seriene produsert av Netflix (House of Cards, Orange is the new Black osv.) blitt svært populære. Så jeg stiller meg positivt til filmproduksjon, men da må kvaliteten være minst like høy som i TV-serien deres. Allikevel må de aldri glemme sin prioriterte rolle, nemlig å være en streaming-tjeneste med et rikt og mangfoldig innhold.

  • Alexander Karlstad

    Sesong 10 av Seinfeld! Hæhæhæ. Men sånn for øvrig: er det noen strømmetjenester som har Seinfeld i katalogen sin?