Jenji Kohan har gjort karriere på å vise korleis narkotikasmugling kan påverke forstadskvinnas liv. Først gjorde ho det med TV-serien Weeds, og saman med Netflix har ho no teke det eit steg vidare og sett sin nye hovudperson direkte i fengsel.

Kvinnefengselet er ein stad som lett anten kunne ha blitt behandla med silkehanskar, eller berre gjort om til eit «mannefengsel med puppar». Heldigvis har Kohans manus rom for alle typar personar og fleire typar konfliktar, og eit imponerande koppel med skodespelarar!

Seriens tittellåt. Regina Spektor – You got time

Middelklassekvinna Piper Chapman (Taylor Schilling) – som strengt talt burde ha visst betre – vert dømd til femten månader i fengsel for å ha smugla ein koffert stappfull av narkotikapengar over grensa for sin tidlegare elskar, Alex (Laura Prepon).

Anmelding: Weeds S05: – Morosam, spennande og dørgande kjedeleg

Fordeler merksemda bra

Å bli innhenta av fortida skaper naturleg nok store omveltingar i kvardagen hennar som luksussåpeskapar, og samlivet med forloveden Larry (Jason Biggs) vert sett på prøve – både på alvorlege, og mindre alvorlege, måtar:

Piper: – Promise me you’re not watching Mad Men without me.

TV-serien fokuserer innledningsvis på Pipers veg til å bli integrert i fengselet, som den «stakkars kvite forstadsjenta» ho er. Etter kvart visar ho initiativ sjølv, deriblant ved å lage ryggremedier av spytt, chili og kakaosmør til den innsette kjøkkensjefen.

Serien er basert på Piper Kermans bok med same namn, men har – som adapsjonar flest – teke seg store fridomar. Deriblant nettopp i figurskapinga. Der boka handla mest om Pipers møte med samfunnet innanfor murane, visar serien deg heller menneska i det imponerande store og gode rollegalleriet.

I kvar episode får ein sjå éin av dei innsette sin bakgrunn. Ein god idé, ettersom eg ser for meg at serien veldig fort kunne ha blitt keisam med utelukkande eitt premiss – jenta mot resten, nettopp noko av problemet til Weeds. Med fleire mennesker å fordele merksemda på får serien automatisk meir levetid.

Anmelding: Girls S02: – Velskrevet, morsom og flaut om jenter

Orange is the new black. (Foto: Netflix)
Det er mange å fordele tid på i «Orange is the new black» – heldigvis. (Foto: Netflix)

Dramaet er oftare betre enn komedien

Kohan har alltid likt å kaste figurar inn i situasjonar dei ikkje taklar, og samtidig forsøke å vise at folka du trudde du hadde kontroll på er annleis enn dei skulle vere. Her har ein både den russiske kafématrona som viser seg å takle fengselslivet ganske bra, og ein brannmann som eigentleg vil vere ein kvinneleg frisør. Båe er varmt representert, dei er ekte mennesker.

Orange is the new black. (Foto: Netflix)
Jason Biggs, framleis best kjend frå «American Pie» spelar forloveden Larry. (Foto: Netflix)

Seriens humor treff stort sett, og klarar – igjen, som Weeds på sitt beste – å vere både oppdatert og spenstig, men òg varm og lun. På det mest outrerte har ein sandwichar med brukte tampongar, på det meir kvardagslege byrjer Larry sjølvsagt å sjå Mad Men heilt på eigen hand.

Dermed er dramedie – eller «dramedy» om du vil, drama og komedie samla i eitt – absolutt framleis sprell levande. Orange is the new black vekslar raskt og med hell mellom desse spenningane, og lukkast med å få til båe to.

Når det morosame derimot tek for sterkt overhand – som til dømes med Piper si «kone» i fengselet, ho med det sjarmerande tilnamnet «Crazy Eyes» – bryt det med universet Kohan og co. har sett saman.

Anmelding: Shameless S01: – Kjærleik i finanskrisetid

Allereie fornya for andre sesong

Strukturelt sett er kanskje Orange is the new black den mest tradisjonelle av Netflix sine TV-seriar hittil. Den manglar det visuelt slåande i House of Cards, den har ikkje det ufiltrerte kaoset i Hemlock Grove, og den er årevis bak formeksperimenteringa til fjerde sesong av Arrested Development.

Orange is the new black. (Foto: Netflix)
Natasha Lyonne, interessant nok òg framleis best kjend frå «American Pie», spelar ei av Pipers nære vener i fengselet. (Foto: Netflix)

Det spesielle denne gongen er faktisk at kvinner er figurane, uavhengig av stereotypar og former ein skal presse dei inn i. Den tek seksuelle handlingar og legningar i alle former på alvor (og ofte med humor) – anten det er overgrep, forhold eller «one-night-stands».

Eg merkar at eg difor vert ekstra glad for at Orange is the new black allereie er fornya for ein andre sesong.

Kor langt serien ynskjer å ta historia i første sesong gjenstår å sjå. I løpet av dei første seks episodane kjem ein ikkje særleg langt inn i fengselstidas femten månader, og heller ikkje særleg gjennom fengselets mange innsette.

Kanskje like greitt, når ein ser korleis fengselsserien Prison Break tapte seg då dei faktisk slapp ut av buret. Lat den endeleg avsluttast før den faktisk vert ein ny Weeds, åtte sesongar er ein for hard straff for Piper.

Orange is the new black sleppast på Netflix-plattforma den 11. juli.

Om SERIEN

Orange is the new black
  • Orange is the new black
  • Slippdato: 11.07.2013
  • Sesong: S01
  • Utgiver: Netflix
  • Originaltittel: Orange is the new black
  • Sjanger: Drama, Komedie