Apokalypsen er her, USA har vore merkeleg straumlaus i femten år grunna noko befolkninga ikkje kan forklare. Dei som ikkje har rømt ut av byane har døydd, myndigheitene har gått i grus, og landet er difor delt inn i ulike små føydalrepublikkar av hardføre, jordarbeidande menneske. Men alle har perfekt hår.

Det er langt frå så ille som Jack the Giant Slayer, men det er velfrisert og «akkurat slik frisøren meinte det». Og nettopp det polerte håret er eigentleg veldig beskrivande for TV-serien Revolution. Det har høgt nok produksjonsbudsjett til at ting ser bra ut, eit interessant nok grunnprinsipp, og fleire gode skodespelarar

Revolution. (Foto: C-More)
15 år tidlegare nytta alle altfor mykje straum. (Foto: C-More)

Serien er skapt av Eric Kripke (Supernatural) og produsert av JJ Abrams (Lost), men manglar særpreget som gjer dei to seriane så spesiell.

Les også: Topp 5: Postapokalyptiske filmer

Tynne bomullsgensrar er viktigast

Familien Matheson er sentral i Revolution. Far Ben veit noko om undergangen han ikkje vil fortelje, mora Rachel har vore borte lenge, sonen Danny vert bortført, og dottera Charlie må finne sin eks-militære onkel Miles for å redde broren. Fienden er Monroe-militsen på ulike plan – anten det er lokale tropper, eller general Monroe sentralt.

Det tek halvanna episode før eg finn ut kva kjensla i Revolution eigentleg minner meg om. Det er litt som å sjå Xena eller Hercules-seriane, kjend frå uttallege repriser på TV3.

Ta dette i beste meining, kjensla eg kjenner att er ikkje dei tynne plottlinjene eller det sterkt varierande skodespelet. Det er heller formen, reising frå småby til småby i «middelalderen», som alltid fører til ein eller anna kort sverdkamp. Men det nemnde frisørnye håret, og klede som stort sett ser ut som dei er nykjøpte.

Eg har allereie hamstra inn ein kommode med boxfreshe, tynne, tettsitjande bomullsgensrar med tre knappar, sidan det openbart er det som er moten for unge, vakre, snille menn under postapokalypsen. Bekledninga vert rett og slett for ryddig, og giv ytterlegare til kjensla av preglausheit.

Anmelding: Orange is the new black S01 E01-E06: – God svart dramedie frå skaparen av «Weeds»

Revolution. (Foto: C-More)
Bunkre opp med tettsitjande bomullsgenserar, du kjem til å trenge dei når sivilisasjonen går under. (Foto: C-More)

Stereotypar og stereotypar

Ettersom dette er ein JJ Abrams-produsert serie er rollegalleriet er stort sett fylt opp med folk som ein gong var med i Lost, eller ser ut som dei ein gong kunne ha vore med på Lost. Dei fleste skjøtter rollene sine godt, sjølv om den dramatiske skodespeltonen mest forsterkar tanken på Hercules.

Revolution. (Foto: C-More)
Gjett kven som er «nerdy comic relief» på dette biletet. Berre gjett. (Foto: C-More)

Alle dei stereotypiske figurane er her. Sterk, ung kvinne. Ung, naiv mann. Tilbaketrukken, men hardtslåande eks-militær. Praktisk anlagt lege. Slem person som eigentleg er snill. Snill person som eigentleg er slem. Du skjøner greia.

Abrams-seriens obligatoriske «nerdy comic relief», Aaron (tenk Hugo i Lost eller Diego i Alcatraz) er framleis elskeleg. Om det er mest fordi eg sjølv plasserar meg i den rolla i mine tenkte dommedagssituasjonar veit eg ikkje, men Zak Orth (Wet Hot American Summer) varmer hjartet mitt.

Giancarlo Esposito (Breaking Bad) er den som stikk seg ut. Sjølv om drakta hans tilseier at han har snubla inn i ein klesbutikk for «onde, lærkledde skurkar» har han det same intense blikket, diksjonen og vendinga frå sympatisk til vondskapsfull som gjorde han interessant som narkopatriarken Gus i Breaking Bad.

Revolution. (Foto: C-More)
Ja, takk til meir Giancarlo Esposito! (Foto: C-More)

I eit hav av gjennomsnittlegheit er han herleg å ha.

Anmelding: Alcatraz har meg ikke helt ‘der’ enda

Riv seg ut av middelmådigheita av og til

Revolution er, eller utgir seg iallfall for å vere, ein kritikk mot vår enorme bruk av elektrisitet i alle former. Det er når desse elementa slår inn for alvor at denne serien fungerar på sitt beste.

I eit tekstbokeksempel på planting og hausting får me først sjå at Maggie går rundt med ein iPhone i lomma, noko som slår andre som rart i eit samfunn fullstendig utan straum.

Årsaka er akkurat hjartestrengrykkande nok til at eg håper å forvente fleire slike augneblinkar. Diverre er dei fleste forsøka meir som gatepredikantens rop:

– We had followers, but no family.

Det treff òg ein viss stad for meg som sjekker Twitter-feeden (og sjølvsagt «follower»-talet) litt for ofte, men det har diverre ikkje så stor slagkraft som serien sjølv skulle håpe. Serieskaparen Eric Kripke glimtar til, men klarar førebels ikkje å heve starten til verken Lost eller Supernatural sitt beste eller særeigne.

Det er synd, for hadde det berre ikkje likna så mykje på «alt anna», så er det teknologiske utgangspunktet og universet rundt interessant nok til å krydre TV-kvardagen. Revolution vart i april fornya for ein andre sesong av NBC, kanskje den med det kan få tid til å vokse og bli seg sjølv først.

Revolution har Noregspremiere på C More Series/Series HD fredag den 12. juli kl. 21.00.

Om SERIEN

Revolution
  • Revolution
  • Slippdato: 12.07.2013
  • Sesong: S01
  • Regi: Jon Favreau m.fl. Showrunner: Eric Kripke
  • Utgiver: C-More
  • Originaltittel: Revolution
  • Sjanger: Action, Drama, Sci-fi