Det har vore mykje fram og attende sidan Skyfall kom ut. Sam Mendes (American Beauty) gjorde storsuksess med regien av Daniel Craig i hovudrolla som spionen James Bond, og MGM har pressa hardt for å få han attende til den 24. James Bond-filmen. Etter først å ha takka nei, har Mendes endeleg takka ja, skriv mellom andre Deadline.

Mendes har nytta tid som teaterregissør den siste tida, og har tidlegare vist til det då han takka nei. No verkar alt likevel å ha løyst seg, og det som først sikkert var eit spørsmål om å starte innspeling raskt har blitt utsett til etter teaterarbeidet hans:

James Bond: Skyfall. (Foto: SF Norge).
James Bond: Skyfall. (Foto: SF Norge).

– Eg er veldig nøgd med at dei gir meg tid til å innfri forpliktingane til teateret, slik at det vert mogeleg for meg å regissere Bond 24. Eg ser fram til å ta opp tømmene igjen, og å arbeide med Daniel Craig, [produsentane] Michael G. Wilson og Barbara Broccoli ein andre gong.

Anmelding: Skyfall: – James Bond søker fornyelse i egne røtter

Andre regissørar spurt

I kjølvatnet av Mendes første avslag, vart blant andre Morten Tyldum (Hodejegerne, Buddy) og Nicholas Winding Refn (Drive, Pusher-trilogien) spurt, men Broccoli og co. har nok kasta tid og pengar på Mendes til han takka ja.

– Å regissere Skyfall var ei av dei beste opplevingane i mi profesjonelle karriere, har han tidlegare uttalt til Empire.

Daniel Craig vart allereie i september 2012 huka inn for to James Bond-filmar til, og den 24. filmen er no venta å kome 23. oktober 2015, med eit manus av John Logan (Gladiator, Skyfall).

I fjor vart Skyfall den mestinntenande James Bond-filmen, og den mestinntenande britiske filmen, nokosinne, med 1,1 milliard dollar – rundt 6,6 milliardar kroner – frå kinosalar verda rundt. Den vann to Oscarar, for beste låt og beste lydredigering.

Kva synest du om Skyfall? Er Mendes eit godt val?