Etter årets E3 har Microsoft fått mykje kritikk for det dei viste fram. Som plaster på såret til mange av dei mindre spelskaparane ha dei no gått ut og sagt at dei vil tillate uavhengige spelskaparar å utvikle og publisere spela sine på Xbox One.

– Visjonen vår er at alle kan vere skaparar. At alle Xbox One-maskiner kan bli nytta til utvikling, seier produktsjef Marc Whitten.

– At alle spel og opplevingar kan ta nytte av alle funksjonane til Xbox One og Xbox Live. Dette betyr sjølvpublisering. dette betyr Kinect, skylagring, og «achievements».

Dermed vil det i utgangspunktet vere mogeleg å utvikle spel frå ein kva som helst Xbox One, såframt ein får ei godkjenning frå Microsoft.

Slik ser Xbox One ut. (AP Photo/Microsoft)
Slik ser Xbox One ut. (AP Photo/Microsoft)

Det er å ta det hakket vidare enn til dømes Playstation 4 og Nintendo Wii U, der ein framleis vil trenge spesielle utviklarmodeller av maskina for å kunne skape spel.

Les også: Xbox-sjef forlater Microsoft

– Bra for dei

Dermed snur dei på endå ein av sine opphavlege planar, etter at Microsoft tidlegare i sumar fjerna Onlinekrav og nokre DRM-sperrer frå Xbox One si funksjonsliste, etter mykje kritikk frå potensielle kundar.

Noko av den tidlege kritikken frå utviklarar har til dømes kome frå Fez-skaparen Phil Fish, som òg er berømt for sine lange tiradar på Twitter. Til dagens annonsering har han rett og slett kommentert:

Les også: – «Fez 2» kjem til alt anna enn Xbox

Mindre skilje mellom indie og dei store

Fleire andre uavhengige spelskaparar har òg gått ut om hendinga i positive ordelag, med håp om at denne typen spel no skal bli meir synlege på den nye Xboxens marknadsplassar.

I eit intervju med GiantBomb bekreftar Whitten at dei no ynskjer å slå saman skiljet som før var delt i Xbox Live Indie Games og Microsoft godkjende Xbox Live Arcade:

– Det er korrekt. Me vil ha større gjenkjenning enn det. Det burde vere ei tilleggserfaring, og ikkje som om det er ei kraftig segregering mellom dei to.

Xbox One vil vere i sal frå november i år, men å gjere di eiga maskin til ei utviklarmaskin vil ikkje vere tilgjengeleg med ein gong. Filmpolitiet skal vere på Gamescom i Köln i august, der Microsoft planlegg å avsløre meir om dette.

Kva trur du om Microsofts planar?