Oppdatert: The World’s End kjem til norske kinoar 18. oktober. Ifølgje filmweb.no sin artikkel er det blant anna mi «skuld» at den dukkar opp likevel – eg velgjer å tru at det er fans som har kontakta UIP. This is the end kjem på kino 27. september.

Opprinnelig sak: Edgar Wrights film The World’s End har fått gode tilbakemeldingar etter diverse sumarpremierer i blant anna USA og UK. Filmen om ein pubrunde som foregår medan jorda går under er den tredje filmen i hans «Cornetto Trilogy» saman med Nick Frost og Simon Pegg etter Shaun of the Dead og Hot Fuzz.

Opphavleg var filmen lagt til ei norsk kinopremiere den 18. oktober, men no er filmen teken vekk frå norske kinoplaner.

– Vi vurderte at publikum på kino ikkje vart stort nok, seier Bård Flaen hjå den norske distributøren United International Pictures.

Det same hender med «This is the end». (Foto: UIP)
Det same hender med «This is the end». (Foto: UIP)

– Den har gått opp på kino i ein del andre land allereie, og har gjort det dårleg samtlege stader – òg i heimlandet Storbritannia. Difor måtte me ta ei vurdering på at kinopublikummet i Noreg heller ikkje er stort nok for filmen.

Anmelding: Hot Fuzz: – Ein perfekt politikrimhonnør frå engelske filmnerdar som kan humor

«This is the end» får same skjebne

The World’s End opna på andreplass på den britiske kinomarknaden, men falt raskt på listene og tente aldri inn det som var forventa frå innspeling og marknadsføring. Flaen utdjuper at kvar filmlansering er eit unikt tilfelle, og at dei må sjå tala an frå gang til gang – men at marknaden for nokre slike kinokomedier absolutt eksisterar.

UIP har gjort same avgjersle på This is the end, frå gjengen bak Pineapple Express og Superbad, ei anna apokalypsekomedie der Seth Rogen, James Franco og ei rekkje Hollywood-komikarar spelar karikerte versjonar av seg sjølv.

Opphavleg skulle den få Noregspremiere i slutten av september, men etter i USA er den no teken av plakaten.

Tidlegare i år hendte det same med Danny Boyles Trance og Steven Soderberghs Side Effects, og i fjor hendte det same blant anna med den nyaste Muppets-filmen, som gjekk rett til heimekino fordi Disney meinte den ikkje ville gjere det godt nok på kino i Noreg.

Sjølv hadde eg gleda meg storveges til avslutninga, som har fått gode kritikkar hittil – 90 % på Rotten Tomatoes – men kanskje staden for slike filmar endar opp med å bli heimemarknaden uansett? Og når den opphavlege kinodatoen kom éi veke før internasjonal DVD-dato, så hjelper det kanskje ikkje på presset heller.

Er det så farleg at filmar ikkje kjem på kino?