Unge kvinner i New York driv gjennom livet på jakt etter sjølvrealisering, og som går inn og ut av jobbar, bustader og venesirklar. Kanskje er draumen om å bli verdskjend dansar utilstrekkeleg? Livet er hardt, og i-landsproblema er mange for Frances, spelt og skrive av indiefavoritten Greta Gerwig.

Ja, denne filmen er inspirert og hjelpt fram av TV-serien Girls og Woody Allens New York-portrett Manhattan (som igjen òg var inspirert av dei franske frittflytande filmane på 50- og 60-talet).

Det er mykje å samanlikne denne filmen med, men lat meg prøve å fortelje kvifor Frances Ha – heilt åleine – fungerar veldig bra. At det er kvinnene som endeleg får vist seg i roller som dette er berre ein bonus.

Frances Ha. (Foto: Arthaus)
Frances Ha. (Foto: Arthaus)

Anmelding: Girls: – Velskrevet, morsom og flau

Umoden sjel

Ho er konstant blakk, men har sitt anker i livet gjennom sjelevenen Sophie (Stings dotter, Mickey Sumner) som ho planlegg ei platonisk framtid med – heilt til Sophie vil flytte fordi ei tredje veninne treng ein romkamerat i ei leilegheit på ei kulare New York-adresse.

Regissør Noah Baumbach, som tilfeldigvis er Gerwigs kjærast, har måla Frances sitt New York i svart-kvitt-film, kanskje for å halde dialogen og menneska i større fokus, men spesielt som ei helsing til tidlegare filmskaparar. Ellers gir det ikkje så mykje til filmen som den kanskje hadde håpa.

Dette er ein meir lystig film enn Baumbachs tidlegare, deriblant The Squid and the Whale, men det ligg eit alvor i botnen som held filmen saman. Skriv ein av filmens karakterar manuset til Gremlins 3 fordi han trur det vil gå? Nei. Han skriv det fordi han kan – og sikkert fordi han ikkje har noko betre å gjere.

Gerwigs’ Frances er ei umoden sjel sperra inne i den magiske og urolege tida like etter utdanninga er over, men før ein på noko som helst måte er etablert. «Eg er ikkje ein ekte person enno,» seier ho idet ho ikkje får betalt ei restaurantrekning.

Anmelding: Jeg er din: – Iram Haq har laget film om ting hun vet noe om

Frances Ha. (Foto: Arthaus)
Frances Ha. (Foto: Arthaus)

Akkurat passe irriterande

Kanskje er det mest fordi eg sjølv kjenner meg att i dagar som er over før ein har rukke å eigentleg gjere noko fornuftig, men hennar klossete framtoning er latterleg sjarmerande – og akkurat passe irriterande.

Utan noko streng framdriftskurve flyt ho frå stad til stad i kvardagen, i mangel på ein stad å bu. Men det er både godt og vondt å sjå ho finne nye stader å vere, og eg trur mange vil kjenne seg igjen i juleturen heim til foreldra – som den ultimate trygge hamn.

Det er mange som har forsøkt å fange historia om «den stundeslause unge». Eg tippar alle generasjonar sidan tidenes morgon har sagt dette, men med såpass mykje god popkultur som det er rundt temaet no, så seier eg dette, sjølvbevisst og sjølvsentrert:

Det er sjølvsagt min generasjon som skapar dei beste historiene om den retningslause unge, og Frances Ha er ein av dei.

Alle som førehandsdømer dette som «ein jævla hipsterfilm» kan heller gå og sjå Scary Movie 5.

Om FILMEN

Frances Ha
  • Frances Ha
  • Slippdato: 23.08.2013
  • Regi: Noah Baumbach
  • Utgiver: Arthaus
  • Originaltittel: Frances Ha
  • Sjanger: Drama, Komedie