– Eg er i Avatar-bransjen. Punktum, sa James Cameron i fjor. Allereie då sa han at Avatar-serien fort kunne få ein fjerde film.

No bekreftar regissøren og 20th Century Fox at det faktisk kjem tre oppfølgjarar til 2009-filmen om planeten Pandora. Dei tre oppfølgjarane vil bli spelt inn i rask rekkefølgje, og få premiere i desember 2016, 2017 og 2018, ifølgje L.A. Times.

Cameron har gitt uttrykk for at dette er ein langtlevande draum for han – kattevesena Na’vi dukka opp så tidleg som i 1994 – og ifølgje han sjølv har han skapt ei gigantisk verd rundt desse. No treng han derimot manushjelp for å få alt ned på papiret.

Anmelding: Avatar: – En triumf for både fortellergleden og teknologien brukt til å formidle den!

– Eg har innsett at Avatar si verd, historie og figurar har blitt rikare enn eg forventa, og det vart openbart at to filmar ikkje kom til å bli nok for å fange alt eg ville få på skjermen.

Dermed har han fått med seg Josh Friedman (War of the Worlds), Rick Jaffa og Amanda Silver (Rise of the Planet of the Apes), samt Shane Salerno (Savages) – fire manusforfattarar han uttrykkjer beundring for.

Avatar ga 3D-filmen en god start, men kan oppfølgjarane vekke interessa att? (Foto: 20th Century Fox)
Avatar ga 3D-filmen en god start, men kan oppfølgjarane vekke interessa att? (Foto: 20th Century Fox)

Teknologifantast

Sidan 2009 har Cameron hovudsakleg arbeidd som produsent medan han har arbeidd fram ulike teknologiar som kan hjelpe han i filmskapinga. Han stod blant anna bak 3D-teknologien på grotteutforskingsfilmen Sanctum, ei ellers heller lite inspirerande historie.

Ved å filme reisa til havets djupaste punkt, Marianegropa, har han både skapt ein dokumentarfilm som kjem ut til neste år, samt heilt sikkert skaffa inspirasjon til undervass-scener i komande Avatar-filmar.

Hans neste film var sagt å vere adapsjonen av animen Battle Angel Alita, som enno ikkje fått noko premieredato.

Les også: «Avatar»-regissør filmatiserer japansk tegneserie

– Studioet vårt har ikkje noko høgare prioritering, og kjenner inga større glede, enn å late Jim [Cameron] utvide visjonen som er Avatar. Den aukande breidda og skalaen for Jim Camerons planer held fram med å forbause oss alle, seier styreformann Jim Gianopulos (sin pressemeldingsforfattar) i ei pressemelding.

Spørsmålet er kanskje om Avatar-oppfølgjarane sitt hovudfokus på 3D-en kjem for seint – i ein kinomarknad der 3D-bølgja er på veg nedover – eller om dei kan blusse opp igjen det den var med på å starte i 2009. Cameron verkar å ha lagt alle egga i same kurv, men på den andre sida – ein veit jo kva han kan få til når han vil.

Kva synest du om «Avatar»-universet og -teknologien nytta for å vise den fram?