Gamescom, Köln: Sony opna si pressekonferanse ganske enkelt. Frå ein stol på scena trykka Sony-presidenten seg gjennom menyane til den nye Playstation 4. Han funderte rundt ulike spel, før han endeleg bestemte seg for å prøve det som seinare skulle vise seg å vere Killzone: Shadow fall Deretter dukka eit chatvindauge opp der spelaren skreiv «Let’s start the show :-)».

Det var ikkje like storslått som nokre av konkurrentane, men vart nesten litt zen-aktig oppi alt maset ein normalt ser frå slike scener.

Sjølve pressekonferansa vart i all hovudsak ei lang oppramsing av spel som kjem til Playstation 3, Playstation 4, og Playstation Vita (nei, den er visst ikkje død – ja, eg òg vart overraska) før dei til slutt annonserte når Sony planlegg å lansere sin komande konsoll:

– Konsollen vil dukke opp i Nord-Amerika den 15. november, og til Europa den 29. november.

Prisen er 399 euro, eller 399 dollar. Norsk pris er ikkje klar enno, men er venta å vere rundt 3000-4000 kroner – billegare enn Xbox One, som har fått veiledande pris på 3999 kroner.

Sjå heile pressekonferansa i videoen i botnen av saka.

Watch Dogs. (Foto: Ubisoft)

«Watch Dogs»-film på veg

Sony nytta òg pressekonferansa til å snakke om komande prosjekt utanfor spelkonsollane sine. Deriblant eit om det komande Watch Dogs, som er venta å bli ein konkurrent til GTA V.

– Eg trur det vert det beste spelet på showet, faktisk, sa Ubisoft-sjef Yves Guillemot, før han annonserte at Sony og Ubisoft i samarbeider om ein film basert på universet.

Det andre spelfilmprosjektet dei lanserte var basert på Gran Turismo-universet. Det kan gå kva veg som helst, eigentleg, med tanke på kor lite historie den spelserien eigentleg har hatt. Gran Turismo 6 dukkar opp til Playstation 3 i desember i år. Ingen av filmprosjekta fastsette noko dato, regissørar eller skodespelarar, så dei er nok nokre år lenger fram i tid.

Michael Fassbender skal spele «Assassins Creed»-helt

Sterkt indiefokus, mykje oppramsing

– Det er for mange spel til at eg kan snakke om alle, men dette er sterkare enn nokosinne for ein av Sonys konsollgenerasjonar, sa Sonys Europa-sjef Jim Ryan frå scena.

Kvantitet var det iallfall! Blant dei mange, mange spela dei nemnde var det eit sterkt indiefokus. Deriblant Hotline Miami 2: Wrong Number, Starbound, Fez, Velocity 2X, Murasaki Baby og mange, mange andre.

Nokre det går an å trekkje fram var Big Fest – som ser ut til å bli eit slags Roskilde Tycoon, der du skal byggje din eigen musikkfestival med eksisterande, usignerte band. Dette, og mange andre nemnd i dag, kjem eksklusivt til Sonys plattformar.

Les også: Dette er Gamescom

Hotline Miami 2: Wrong Number.
Hotline Miami 2: Wrong Number var blant dei lanseringsspela annonsert frå Sony i kveld.

Og ei rekkje storspel

Til Playstation Vita dukkar blant anna Batman Arkham Origins: Blackgate, Lego Marvel, Football Managers Classic, og Borderlands 2 opp.

Til stormaskinene annonserte Sony eit sterkare samarbeid med Ubisoft, og blant anna eksklusivt innhald til Assassins Creed IV: Black Flag og Watch Dogs. For å «lette» overgangen mellom Playstation 3 og Playstation 4, lanserte dei òg planen om å late kjøparar av Playstation 3-versjonen av Call of Duty: Ghosts få Playstation 4-versjonen digitalt til ein nedsett pris.

– Der andre har flytta beskjedar, og endra på historiene sine – har me sett ut strategiar som er rettferdige og i tråd med brukarane sine ynskjer, sa Ryan, som eit lite stikk til Xbox stadig endra strategiar og teknologiar dei siste månadane.

Trass eit sterkt indiefokus, hadde det kanskje vore ein idé for Sony å fortelje kvifor ein bør spele dei ulike småspela sine, og ikkje berre at dei snart kan spelast. Til tider vart det for prega av keisam oppramsing, trass at dei viste veldig mykje spennande.

Er Andreas berre for avhengig av visuell stimuli, eller var Sonys presentasjon litt keisam? Sjå den under, og legg att di meining i kommentarfeltet.


Live streaming video by Ustream