Veit du kvifor HBO tilsynelatande ser ut til å utelukkande produsere det som etter kvart vert kalt «kvalitetsseriar»? Fordi dei slepp andre seriar under systerselskap. Cinemax (står òg bak Banshee og Hunted) er eit, og kan beskrivast som «HBOs triggerhappy veslebror».

Dette er den i syskjenflokken som knusar ølboksen i panna når den er tom, og som alltid ser ut til å ha eit magisk, utømmeleg lager av frosenpizza klart til ei kvar tid.

Strike back er ein drøymesituasjon for desse. Serien som gjennom fire sesongar (1 for Sky, 3 for Cinemax) har følgt dei nærast overmenneskelege soldatane i den britiske spesialstyrken Section 20 – «the bluntest of their weapons» – er hardbarka, tøff action.

Pitcha frå baksida på ei bok

I den tredje (fjerde) sesongen er det jakta på terroristen al-Zuhari som er viktigast – spesielt etter at pengehjernen Kamali drep spesialstyrkens kjernekar, Liam Baxter (Liam Garrigan), i løpet av sesongens første minutt. «Det vil bli tid til å markere hans død seinare, men slik det er no har me berre ei kort tidsvindauge til å ta jævelen som gjorde det,» seier major Rachel Dalton (Rhona Mitra). Og det er akkurat det dei forsøker å gjere.

Sentrale er Phillip Winchester (Michael Stonebridge) og Sullivan Stapleton (Damien Scott), rambukkane til spesialstyrka, som vert teken vekk frå ferien sin for å ta knekken på skurkar.

Rhona Mitra som major Dalton. (Foto: HBO)
Rhona Mitra som major Dalton. (Foto: HBO)

Ellers er handlekraftige kvinner som Dalton – samt både nye og gamle påheng til serien – gode tilskot som beriker gruppa. Ein høgtståande britisk etteretningsmann i Robson Greenes (Arr i sjelen) skikkelse vert òg spanande å sjå i episodane som kjem.

Opphavleg er dette basert på ein bokserie av tidlegare SAS-soldat Chris Ryan, men det er ikkje så farleg. Sjølv ikkje mannen som pitcha inn serien, Andy Harries, las boka. Han såg boka på ein flyplassbokhandel, las teksten bakpå, og klarte å selgje den inn for Sky TV med det i bakhovudet.

Kvar episode sentrerar rundt handling som må løysast for å oppnå det endeleg målet – uthenting, bankran, og så vidare – eller så går alt til helvete. Eg trur ikkje eg overraskar stort dersom eg seier at noko stort sett går til helvete. Det hadde vel ikkje vore ein TV-serie utan dette.

Eg klarar ikkje å late vere å like det

Serien samlar så godt som alle veltrente, britiske skodespelarane med høge, markerte kinnbein – med unntak av Benedict Cumberbatch – til å sjå strengt på kvarandre i rom med sparsomt, lett farta1 lys. Og du skjønar kanskje greia, dersom dei har hakket mørkare hud enn den gjennomsnittlege brite, så er dei mest sannsynleg slemmingar (eller er dei det?).

Actionscenene er velregisserte og oversiktlege – trass det «tradisjonelle» shakycammet i fartsfylte scener. Det er lågbudsjett, men pengane er lagt riktige stader. Det er synd at HBO Nordic velgjer å sende oss Youtube-videokvalitet frå 2005 på ein DVD, men den sendast visst i HD.

Éin ting har den òg til felles med den jamne HBO-serie, den er ikkje redd for å ha viktige samtalar mellom viktige mennesker i miljø med lettkledde mennesker i bakgrunnen.

Strike Back er eit uhøgtideleg, cheesy actionunivers som eg ikkje klarer å late vere å like. Her har Cinemax fått mykje ut av pengane, og leverer noko som fungerar bra i kjølvatnet til 24, medan me venter på at Homeland dukkar opp igjen i september.

Apropos ingenting, serien skal ha skryt for ei fantastisk vignettlåt. The Heavy – Short Change Hero, som òg vart framheva i actionspelet Borderlands 2 og Batman: Arkham City, er herleg soulrock.

Anmeldinga er basert på dei to første episodane.

Om SERIEN

Strike Back: Shadow Warfare
  • Strike Back: Shadow Warfare
  • Slippdato: 09.09.2013, strøymetenesta HBO Nordic
  • Sesong: 3
  • Regi: Michael J. Bassett, m.fl.
  • Utgiver: Cinemax
  • Sjanger: Action, TV-Serie