Gamescom, Köln: Det fjerde The Sims-spelet i rekkja – der du kan late gudekomplekset, interiørarkitekten, eller din indre reality show-produsent kome til live – er på veg. Spelserien The Sims har seld over 150 millionar eksemplar (medrekna eit hav av små og store utvidingspakker). Som tidlegare, trass spekulasjonar, vil spelet ikkje krevje nett-tilkopling:

The Sims 4 er éinspelar, offline, slår Ryan Vaugahn – produsent på The Sims 4 – fast.

Maxis og eigaren EA fekk mykje velplassert kritikk for problema dei hadde under lanseringa av SimCity. Spelet, som kravde at du var på internett, hadde startproblem med ustabile serverar og fleire funksjonar som vart slått av for å minske trafikk.

Sjølv utan onlinekrav vil det vere mogeleg å dele det du skaper med andre. Heilt korleis vil ikkje Vaughan avsløre enno, men han trur ikkje at samfunnet rundt spela vil bli skuffa.

– Det er mange som likar å leike med spelet og modde det. Me støtter det ikkje med eigne verktøy, men me hindrar på ingen måte folk som vil modde.

Les også: Det EA ikke vil snakke om

Større fridom under bygging

Mykje er oppgradert frå The Sims 3. Deriblant nemner Vaughan mogelegheita til å multitaske, eller snakke med fleire personar, gjennom teknologien Maxis har kalla Smart Sim.

– I tillegg har me heilt nye kreative verktøy. No kan du ta tak i figuren din, og manipulere han intuitivt, i staden for å nytte glidebrytarar og slikt. I byggjemodusen kan du setje ned veggar og dytte og dra direkte – det er mykje meir taktilt.

Filmpolitiet har sett på byggjemodusen, og merkar den auka fridomen han lovar. Blant anna gjennom, plassering av møbel og gjenstandar akkurat der me ville, eller fri vegghøgd. Alt i alt eit meir dynamisk byggjesystem enn det har vore tidlegare.

Du kan òg kjøpe ferdigbygde rom i ulike prisklassar om du er typen som heller vil konstruere menneske. No kan simmane si høgd, muskelmasse og ganglag – ein artig detalj – bli justert. Hovudfokuset i spelet elles er på kjenslelivet til dei kaklande simmane.

Les også: Alt frå Gamescom 2013

Større fridom til å vere så feit som du berre orkar. (Foto: EA)
«Sims 4» gir deg større fridom til å vere så feit eller tynn som du berre orkar. (Foto: EA)

– No er simmane emosjonelle

Av det vesle me har prøvd spelet verkar «Emotions» i stor grad som ein avansert «need», som påverkar valga du kan ta i større grad enn før. Tidlegare har opplevingar som å tisse på seg eller ete brent mat berre ført til at du har blitt meir eller mindre glad, no slåast dei saman og gir deg ei namngitt sinnstilstand – som gir ulemper og fordeler.

Sims 4 - større fokus på kjensler. (Foto: EA)
Mange kjensler i «The Sims 4», både sterke og svake. (Foto: EA)

– Lat oss seie at simmen min er forbanna, skikkeleg sint, noko fælt har skjedd og dei er sure. Om dei snakkar med andre kan det vere dei berre vil krangle eller gjere slemme ting. Men du som spelar kan utnytte dette til din fordel, du kan sende dei til treningsstudioet der dei vil trene hardare enn dei nokosinne har gjort, seier Vaughan.

– Det kjem til å påverke korleis dei ser ut, korleis andleta deira er, korleis dei går, og handlingane dei kan gjere vil vere annleis.

Dette lover iallfall godt for oss som heilt sidan det første The Sims laga Paradise Hotel-liknande tilstandar, der alle lever på juksepengar, og berre slåst heile tida.

Les også: «The Sims» blant dei 14 spela MoMa reknar som kunst

The Sims 4 har ingen fast dato enno, men er venta tidleg i 2014. Spelet ser ut til å vere ei stor oppgradering frå trearen, og om dei har vore like innovative på alle område av spelet som dei me har sett hittil, så kan ikkje 2014 kome fort nok.

Kva er ditt forhold til The Sims-serien?