Det er iallfall ikkje musikken sin feil. Ei heller skodespelarane. Det er nemleg eit fantastisk rollegalleri førstegangsregissør Yaron Zilberman har fått saman til A Late Quartet. Det er berre synd at alt anna manglar det som kunne gjort den fantastisk.

Verdas beste strykekvartett har turnert verda rundt samanhengande i 25 år. Neste konsert skal dei spele Beethovens Opus 131, eit stykke kjend for at alle sju satsar skal spelast samanhengande – utan mogelegheit for å stemme instrumenta.

Grunnleggjaren David (Mark Ivanir), like kjenslekald og kalkulert som den perfekte fiolinspelinga si, den aldrande cellist-mentoren Peter (Christopher Walken), og ekteparet bratsj-Juliette (Catherine Keener) og andrefiolin-Robert (Philip Seymour Hoffman), som saman har ei dotter (Imogen Poots) som er ca. like gammal som kvartetten.

Då Peter plutseleg viser teikn på Parkinsons – ikkje akkurat ein drøymesituasjon for ein cellist – byrjer det perfekte samarbeidet å rakne. For kven skal lede laget, om ikkje Peter? Og burde ikkje andrefiolinisten få lov til å – endeleg – få spele førstefiolin? Plutseleg manifesterar Opus 131 seg i verkelegheita, 25 år utan å stemme sosiale instrument er lang tid.

Anmelding: Før midnatt: – Det finnes fremdeles ting å si om voksne forhold

A late quartet. Foto: SF Norge)
Musikalsk samstemt? Absolutt. Sosialt samstemt? Absolutt ikkje! (Foto: SF Norge)

For mange historielinjer

A Late Quartet kan på mange måtar samanliknast med fjorårets The Best Exotic Marigold Hotel. Ei gruppe veteranskodespelarar, vinkla mot eit «vaksent publikum», som diverre vert trukke ned av manuset.

Der filmen startar med ei nydeleg scene – stillheita før kvartetten skal spele, og sunkne blikk og ei atmosfære så spent at ein kan stryke i den med ei fiolinboge – før historia endar i den dårlege sida av såpeoperaland, med subplott nok til å fylle ein sesong.

For dette er eit drama, må vite, og i eit drama er det tydeleg at alles intriger vere så samankopla at det ikkje er plass til å gjere ferdig eit oppblussande utroskap, før ein anna kastar seg i armane på den tredje.

Resultatet er for mange historielinjer i same film, handlingsløp og plott som verkar som dei er pressa inn. Kanskje ligg den tilfredsstillande slutten på dei to gode plottlinjene på eit redigeringsgolv – dytta vekk av ei dotter, eller ei billeg sexscene, som strengt talt ikkje måtte ha vore der.

Anmelding: The Best Exotic Marigold Hotel: – Prøver å være pensjonistkomedie med alvorlig klangbunn

A late quartet. Foto: SF Norge)
Meir fokus på Peter (Christopher Walken)? Ja, takk! (Foto: SF Norge)

Gode rolletolkinger

Dei beste scenene er om musikken, spesielt det som sirklar rundt Peters lærarverksemd for unge. Peters historie er sentral i filmen, men kunne ha bært filmen heilt åleine. Han står òg for dei av filmens mange musikkmetaforar som ikkje verkar framtvungne.

I Christopher Walkens munn fungerar dei som orda til ein mann som har fortalt sine mange anekdoter i år etter år, i alle andres fråsegn vert dei overtydelege.

Anmelding: Stand up guys: – Christopher Walken spiller på alderen

Musikken er nydeleg, men all Beethoven til trass klarar ikkje å overdøve mangelen på visuell spenning. New York kunne ha vist seg i all sin prakt her, men vert smått borte i den flate kameraproduksjonen. Det er tydeleg at det skulle vere mellommenneskeleg handling som var viktig her, ikkje fancy fotoarbeid.

A Late Quartet har eit interessant tema i emning. Korleis store individ gnissar mot kvarandre og gjer kompromiss er spennande – spesielt når det får boltre seg i miljøet rundt den klassiske musikken, fylt til randen av personar hvis stadig veksande evner og ego vekslar på å gå i bane rundt kvarandre.

Gode rolletolkingar skapar personlegdommane historia treng, men manuset klarar meisterstykket å verke både ubehandla og stivt samtidig. Når vart «drama for vaksne filmsjåarar» det same som overfylte såpeoperetter?