– Dei ringde meg og sa, ‘Vil du gjere dette?’ og eg tenkte ‘Eg er ikkje 25, er du sikker?’. Og dei sa, ‘Kom ned, me vil vise deg kva me gjer!’. Og det var utruleg!

Ben Affleck var på Late Night with Jimmy Fallon for å snakke om oppfølgjaren til årets Man of Steel. Han forklarar vidare om regissør Snyders take på figuren, utan eigentleg å seie kva den handlar om.

– Han kan openbert ikkje gjere det same som Chris [Nolan] og Christian [Bale] gjorde – dei filmane er fantastiske – så han vil gjere noko litt annleis. Eg tenkte at dette var ein briljant måte å gjere det på, eg veit verkeleg korleis eg skal gripe dette an! Så eg sa ja.

Og jaudå, talkshows har jo for lengst enda opp med å bli reine PR-rundar for folk som dypper popkulturelle tær i underhaldningshavet – men er det lov til å glede seg litt over det Affleck seier?

Les også: Meir enn 100 selskap betalte for å få logoen sin i «Man of Steel»

Fanreaksjonar

Ben Affleck er ein mann som er vant til motstand frå internett – etter filmar som Gigli og Daredevil. Warner Bros visste at det kom til å kome fanmotstand mot kvar ein person dei valde for ei Batman-rolle – det har hendt både Heath Ledger, Michael Keaton, og endå fleire – og viste reaksjonar dei hadde fått tidlegare.

‘Eg er ein stor gut, dette kan eg takle’, svara Affleck. Det første han såg etter at nyheita vart sluppen var omtrent noko slikt som dette:

Mot slutten av intervjuet erta han publikum litt til, utan eigentleg å seie noko som helst.

– Det er vanskeleg å beskrive det utan å gi vekk historia, og korleis det er. Men eg føler verkeleg at eg har mange mogelegheiter no, og det er noko som er veldig spennande.

Tidlegare denne veka la Warner Bros.-sjef Kevin Tsujihara fram årets prosjekt for investorar, der han blant anna omtala den komande Batman-figuren som «trøytt, sliten og erfaren», og snakka om Affleck som «perfekt for rolla».

– Me trur dette er eit perfekt springbrett for Batman og Supermann!

Tomprat? Spennande? Interessant? Lite detaljar enno, men legg att di meining under heile intervjuet frå TV-sendinga.