Filmfestivalen Fantastic Fest er ein ynda stad for nerdar av skrekk, fantasy og andre nisjesjangrar – og har i på under ti år blitt den største festivalen for såkalla «sjangerfilm» i USA. Fleire norske filmar har dei siste åra gjort det bra der, blant anna Trolljegeren og Kommandør Treholt og Ninjatroppen. I natt vant Svein André Hofsø Myhre pris for beste skodespelar på festivalens avsluttande prisutdeling.

– Utruleg gøy, seier filmens produsent Asle Vatn, som kom att frå festivalen i går kveld.

– Det eg håpar at folk skjønar er at me tek filmen veldig seriøst. Mange lurar på korleis me behandlar tematikken rundt Downs, og om me latterleggjer det. Me har hatt ein del motstand før filmens premiere, men på visningane har me fått ei sterk stadfesting frå publikum.

Han seier at hovudrolleinnehavar Myhre er veldig stolt over å ha fått ein pris, spesielt framfor andre nominerte som Elijah Wood og Keanu Reeves. Det viktigaste for han var likevel publikumsresponsen.

Sjå den siste traileren for «Detektiv Downs» som dukkar opp på norske kinoar i oktober.

– Har dei først sett filmen, så trur eg dei forstår kvifor me har gjort det på denne måten.

Anmelding: Kunsten å tenke negativt: – Regidebutanten Bård Breien tør og vil og får det til

Annleisfestivalen

Fantastic Fest vart grunnlagd av internettfilmguru Harry Knowles, og Asle Vatn meiner at fanpreget gjer den annleis enn veldig mange andre festivalar.

Det som starta med Trolljegeren for nokre år sidan har no blitt til mange besøk frå norske filmskaparar.

– Det er først og fremst ein publikumsfestival. Ikkje som mange andre stader med mykje filmbransje, som gjerne kan vere litt snobbete filmpublikum. Her er det umiddelbart og direkte!

Utanfor sine sirklar har dog festivalen ikkje den største anerkjennelsa, men det er eit fint utstillingsvindauge i USA for fans av det som gjerne må vere litt småsært.

– Dette er jo eit alternativt og litt annleis prosjekt, seier Vatn.

Detektiv Downs får norsk kinopremiere den 25. oktober.

Intervju med «Iron Sky»-skapar: – Skandinavia er sjangerfilmens redning

Kva påverknad har festivalprisar på om du vert interessert i å sjå ein film?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.