Lily James, best kjend for rolla som unge Rose i TV-serien Downton Abbey, skal spele tittelfiguren i Disneys komande filmatisering Cinderella (Askepott), melder blant andre Slashfilm. Emma Watson skulle opphavleg spele rolla, men valde vekk filmen til fordel for Guillermo del Toros Skjønnheten og Udyret.

Det første biletet av Lily James som Askepott. (Foto: D23)
Det første biletet av Lily James som Tornerose. (Foto: D23)

Disney slapp i same slengen det første biletet frå innspelinga, som visar ein ridande James i kostyme.

Regissør er Kenneth Branagh (Thor, Much ado about nothing) som omtalar sine to hovudrolleinnehavarar på følgjande måte:

– Med Lily James har me funne vår perfektet Askepott. Ho kombinerar ein vakker utsjånad med intelligens, humor, og fysisk eleganse. Prinsen er spela av Richard Madden [Robb Stark i Game of Thrones], ein ung skodespelar med utruleg kraft og karisma. Ein god match for Askepott.

Melding: Thor: – Historien har et nær latterlig preg, men Branagh vet det godt

Richard Madden som Robb Stark. (Foto: HBO)
Richard Madden som Robb Stark. (Foto: HBO)

Eit av fleire eventyrprosjekt

Filmen verkar i utgangspunktet som ei ganske tradisjonell adapsjon av den snille Disney-versjonen av eventyret, om den unge kvinna Ella (James) som trassar stemoras (Cate Blanchett) åtvaringar for å gå på prinsens ball, i håp om å møte den unge Kit (Richard Madden), som visar seg å vere prinsen i forkledning.

Dette er ein av mange prosjekt Disney har i gang med filmatiseringar av klassiske eventyr og animasjonsfilmar – noko som starta med milliardsuksessen til Alice i Eventyrland i 2010.

«Live-action»-versjonar av både Jungelboken og nemnde Skjønnheten og Udyret. Den nye Snøhvit-prosjektet deiras vart derimot stansa i fjor, då tre filmar om det same materialet vart for mykje på ein gong. Disneys nyversjon av Jack og bønnestengelen, Jack the Giant Slayer fekk heller inga god mottaking tidlegare i år.

Cinderella skal etter planen ha premiere 13. mars 2015.

Nok ein Jack the Giant Slayer, eller potensial for suksess?