Internett er gøy, og gir i stor grad meir plass til utradisjonell historieforteljing enn det dei «tradisjonelle» media gjer. På den eine sida fører dette til ei enorm mengde fantastisk dårlege ting fordi det nesten er for tilgjengeleg – på den andre sida får ein spennande nye måtar å skape, presentere og snakke om interessante univers.

Ulempa er sjølvsagt at dei kan vere vanskelege å finne, så difor hadde eg lyst til å dele nokre av mine favorittar på nettet blant spennande format å fortelje historier i.

Historietime på fylla

Drunk History er kanskje den mest kjende på lista. Allereie i 2008 presenterte Will Ferrells videokollektiv Funny or Die ein video der Mark Gagliardi drakk ei flaske whisky, og fortalde historia om Alexander Hamilton og Abraham Lincoln. Poenget er ei forfylla framstilling av ei viktig historisk hending, der kjende skodespelarar – vener av Ferrell – speler rollene.

Det var vel ikkje heilt slik det var... Billboard for «Drunk History». (Foto: Comedy Central)
Det var vel ikkje heilt slik det var… Billboard for «Drunk History». (Foto: Comedy Central)

Premissen er like enkelt som det er genialt, og serien er veldig artig – om du mot formodning ikkje skulle ha noko imot overraskande store mengder alkohol.

Det er eit eller anna med serien som på fantastisk vis klarar å skape stemninga ein produserer når ein fortel historier på nachspiel – med dertil tilhøyrande midlertidige hukommelsestap.

Konseptet er no oppjustert til (minst) éin sesong med 22-minutts episodar på amerikanske Comedy Central, som samtidig har gitt det ei aldri så lita heving av produksjonsbudsjett. Resultatet er, for ein gongs skuld, at ein sketsj på internett faktisk klarar å vere like bra i meir tradisjonelt format.

Serien oppfordrar òg til publikumsdeltaking gjennom at seriens skapar Derek Waters legg ut lydklipp som fans sjølv kan lage videoar til.

Sjå utdrag frå serien: Drunk History på Comedy Central

Serien er ikkje tilgjengeleg gratis på nett, men her er eit utdrag.

Videoblogging av klassisk bokverk

All ære til Jane Austen for å skrive bøker som framleis – snart 200 år etter hennar død – er aktuelle og vel lest. Men er me ikkje litt lei dei britiske BBC-seriane og nesten kliss like filmane no? Kva med å trekkje det fram i notid, og kanskje i eit format som er meir moderne enn.. åja, vent, nokon har gjort det?

Det er kanskje slik ein best hugsar «Pride & Prejudice»? (Foto: United International Pictures).
Det er kanskje slik ein best hugsar «Pride & Prejudice»? (Foto: United International Pictures).

Hank Green, som elles er mest kjend for youtube-serien Vlogbrothers saman med forfattar og bror John Green, produserte nemleg serien Lizzie Bennet Diaries, som plasserer bokas handling i ein videobloggars dagbok.

Lizzie Bennet Diaries mottok i går ein Emmy i Interactive Medias, etter ein spennande synergi av sjåardeltaking. Tumblr, Twitter og Facebook vart nytta i marknadsføringa – og det var spennande å sjå korleis det spreidde seg medan serien framleis gjekk. Eit halvår etter er kanskje dén delen av seriens appell borte, men episodane er framleis i høgste grad sjåverdige.

Resultatet er overraskande engasjerande, og over 100 episodar – 160 med spinoffs – på 3-4 minutt får ein ei hakket meir moderne framsyning av den klassiske boka.

Det same produksjonsselskapet legg for tida ut ein liknande adapsjon av Sanditon, ein slags spin-off basert på ein av Austens uferdige romanar, medan dei samtidig gjer ferdig ein liknande versjon av boka Emma.

Sjå serien her: Heile «The Lizzie Bennet Diaries» på Youtube

Surrealistisk lokalradio

Så til dagens særaste, både i form og innhald. Velkommen til den vesle ørkenbyen Night Vale, ein eller anna stad i USA. Dette er byen der ein ikkje skal bry seg med den irriterande statiske summelyden frå den uinntakelege hundeparken. Kva slags hundepark, forresten? Det er jo ikkje lov til å snakke om hundeparken. No har eg gløymd kva eg snakka om.

Fullstendig uoffisielt kart over Night Vale. (Foto: Melissa Daltons Tumblr)
Fullstendig uoffisielt kart over Night Vale. (Foto: Melissa Daltons Tumblr)

Welcome to Night Vale vert servert, ikkje i videoform, men som såkalla «community radio» – amerikansk lokallokalradio.

Frå sitt vesle studio kringkastar vår mann, radioprogramleiaren Cecil, dei merkelege hendingane i den vesle byen – anten det måtte vere hans nørande hat til gledesdreparen Steve Carlsberg, eller forsøksvise forklaringar på kvifor det er ein svevande katt på toalettet til radiostasjonen.

Podkasten Welcome to Night Vale skaut fart frå internettets mørke krokar til førsteplass på iTunes liste over mest nedlasta podkastar ganske raskt. Førebels er serien komen til episode 30, og byens mytos har rukke å bli ganske stort allereie. Det er litt vanskeleg å heilt forklare kva som skjer, men Kate Leth har omtala serien – ganske passande – som:

– Dersom Stephen King og Neil Gaiman bygde ein by i The Sims, og lot den vere åleine i årevis.

Serien får meirverdi på nett ved hjelp av fleire kreative miljø. Især på Tumblr florerer bilete basert på forklaringane frå serien, anten det er rikt detaljerte bykart, hovudpersonane i heit omfamning, eller Cecil-sitat på koselege bakgrunnar.

Det er sært, det er surrealistisk, det har ein underliggjande skummel tone – og eg er forelska.

Les også: Heimesida til «Welcome to Night Vale»

(29 av 30 episodar er på Soundcloud, begynn med den første.)

Kva internettskapt forteljingsformat likar du best?