Etter verdspremiera under Montreal World Film Festival laurdag fekk den norske regissøren Erik Poppe (Schpaa, Hawaii, Oslo) veldig god mottaking av publikum. Også festivaljuryen hadde stor sans for Tusen ganger god natt, som i natt vant festivalens Grand Prix.

– Eg er heilt ør i hovudet, har vondt i magen, og er lukkeleg. Sjokket har sett seg i magen, seier Erik Poppe i ei pressemelding.

Festivalen har fokus på såkalla «verdsfilm» – filmar frå alle verdas hjørner, gjerne av den smalare sorten. Norsk Filminstitutts utlandsansvarleg for spelefilm, Stine Oppegård, framhever juryprisen som ein fremståande pris i filmverda:

– Prisen set absolutt lys på både norsk film, denne filmen, og regissør Erik Poppe. Den gode mottakinga og prisane frå Montreal vil vere med på å skape stor internasjonal interesse for filmen.

Tusen ganger god natt vann fram blant 20 filmar, og vart òg framheva med «Special Mention» av festivalens økumeniske jury. Hovudvinnaren på festivalen var polske Life Feels Good.

Har henta inspirasjon frå eiget liv

Filmen handlar om den berømte krigsfotografen Rebecca (Juliette Binoche). Etter at ho vert skada i felten, får ho eit ultimatum av mannen (danske Nikolaj Costau-Walder) og borna: Jobben eller familien. Erik Poppe har henta inspirasjon frå sitt eiget liv, med lang tid borte frå familien i jobbsamanheng.

– Det filmen fortel, om ein person som lev eit dobbeltliv, er akkurat det eg gjer no. Alle som jobbar med ei lidenskap og har ei familie på same tid, konfronterast med dette dilemmaet, fortalde regissøren tilm Filmbonanza under innspeling (sjå intervju og klipp i videoen over).

Harald Rosenløw-Eeg (DeUsynlige, Julekongen), som Poppe har samarbeidd med ved fleire tidlegare høve, har skrive manus for filmen. Tusen ganger god natt skal no vidare til Toronto Internasjonale Filmfestival, før den får norsk premiere den 18. oktober i år.