Den norske eventyrfilmen Gåten Ragnarok fekk si verdspremiere på sjangerfilmfestivalen Fantastic Fest i helga. Mottakinga har vore god på festivalen, blant anna frå skrekknettstaden Twitchfilm – som tidlegare har lovprisa Hellfjord og Trolljegeren.

– Eit morosamt familieeventyr, med norsk velkommen stil – noko sjølv ikkje Indiana Jones hadde fått til i sin beste alder, utan store mengder krangling, skriv Twitch.

Nerdenettstaden Aint it Cool News omtaler den òg i positive ordelag, som ein monsterfilm for familien som «verken snakkar ned til born eller frir direkte til dei, godt nytt for dei vaksne i salen».

Filmen handlar om arkeologen Sigurd som har via livet sitt til å finne ut hemmelegheitene rundt Osebergskipet – Noregshistorias best bevarte vikingfunn. Saman med to kollegaer og sine to born reiser han til Finnmark for å undersøkje ein runestein som kan vere svaret på heile mysteriet.

Distribusjon i USA er ved Magnolia Pictures, som dei siste åra òg har henta over Trolljegeren og Hodejegerne til det amerikanske kontinentet.

Intervju med «Iron Sky»-regissør: – Skandinavia er sjangerfilmens redning

Produksjonsselskapet Fantefilm omtalar den som «Noregs første action-adventurefilm», og produsent Martin Sundland trekk fram Spielberg-filmar som Indiana Jones og Jurassic Park som inspirasjon. Hovudrolleinnehaver Pål Sverre Hagen (Kon-Tiki) er glad for den fine mottakinga den har fått til no.

– Dette er ein sjanger amerikanarane sjølv har funne opp, så det er jo ekstra hyggeleg at dei likar den!

Filmbonanza besøkte settet på filmen i fjor, for å snakke med regissør Mikkel Sandemose om innspillinga, og inspirasjonen frå Spielberg sine filmar.

Gåten Ragnarok kjem på kino her til lands den 4. oktober.