Småtrist dag for norske filmskaparar i Hollywood. Same dag som utsetjinga av «norske» Pirates of the Caribbean 5, så får òg Harald Zwart sin komande film, Mortal Instruments: City of Ashes blitt lagt på is av produksjonsselskapet Constantin Films, skriv Deadline.

Med eit budsjett på rundt 60 millionar dollar (rundt 355 millionar kroner, pluss marknadsføring), og ei inntening på 37 millionar dollar (ifølgje Box Office Mojo, produksjonsselskapet hevdar at det er nærare 70 millionar) var det neppe profitabelt nok for produsentane.

– Dette var ikkje ei avgjerd som var enkelt å ta. Men etter å ha snakka med alle partnarane våre, var det klart at me trengde meir tid på å reposisjonere oss i marknaden, skriv ein representant for selskapet i ei pressemelding.

«Reposisjonere seg i marknaden» er i slike tilfelle gjerne ein anna måte å seie «skru ned forventningane» på, noko som kan bety alt frå nedlegging av prosjektet til eit kutt i budsjett og manus.

Harald Zwart er regissøren av Skyggejegerne: Demonenes by (Foto: Erlend Aas / NTB Scanpix).
Harald Zwart er regissøren av Skyggejegerne: Demonenes by (Foto: Erlend Aas / NTB Scanpix).

Zwart om oppfølgjaren: – Eg må vite at manuset er i orden

Inn i rekkja av ungdomsfantasy med låg inntening

Trass mange entusiastiske fans av bokserien filmen er basert på har ikkje publikum strøymd til kinosalane. Kritikarar har heller ikkje vore ovbegeistra, noko Harald Zwart har uttalt at han ikkje bryr seg om.

I Noreg har litt over 33000 besøkjande sett filmen, noko som plasserer den eit godt stykke ned på listene. Teken i betraktning marknadsføringsbudsjettet og dei mange plakatane er det neppe noko som begeistrar produsentane.

Slik sett går den inn i rekkja av ungdomsfantasyfilmar som ikkje har nådd måla sine det siste året, i kjølvatnet av The Host og Beautiful Creatures. Det vert spennande kva dette har å seie for komande filmar retta mot same publikum, Hunger Games-oppfølgjaren vil kanskje klare seg bra, men kva med Queen of the Tearling eller Artemis Fowl?

Oppfølgjaren til Skyggejegerne: Demonenes by hadde allereie fått Sigourney Weaver i ei birolle, samt Harald Zwart og dei ulike hovudrollene tilbake på plass, og var opphavleg tiltenkt å starte produksjon seinare i år, for ei premiere i 2014/2015. Constantin Film indikerer ikkje når produksjonen vil starte.