Etter nazistmisforståinga under ei pressekonferanse om Melancholia på Cannes-festivalen i 2011, har von Trier arbeidd med filmen Nymphomaniac. Handlinga går føre seg rundt ei kvinnes forteljing om eiget utsvevande sexliv gjennom tiåra. No har fleire detaljar om filmen dukka opp, via den norske nettfilmmagasinet Montages.

Der kan det avslørast at Nymphomaniac er fem timar lang. Då er det kanskje ikkje så rart at filmen, som framleis er tiltenkt dansk premiere rundt juletider, har teke lang tid å produsere. Filmen skal sleppast i to delar, samtidig, men skal sjåast på som éin film. Von Trier har tydelegvis mykje å seie om kvinnas seksualitet, eit tema han har vore innom fleire gongar før.

Historia vil starte på 60-talet, og ta for seg kvinna Joes liv frå ho er fødd til ho er 50 – blant skodespelarane er Charlotte Gainsbourg, Stellan Skarsgård og Shia LaBeouf. Med eit såpass stort volum av materiale, tenkjer dei òg visst på å utvide dette til ein TV-serie.

Gledeleg nytt for dei av oss som hugsar og elskar Riget, som von Trier laga i 1994.

Anmelding: Riket: – Ingen vet hvor uhyggen kommer fra

Mykje variasjon

Saman med ein teaser (sjå til høgre) avslørte produksjonsselskapet i juli at filmen vil vere oppdelt i åtte kapittel.

No avslørast det at kvar av desse delane har kvart sitt stilistiske uttrykk, og vil variere i formspråk – frå det ordinære til meir eksperimentelt. Ein av delane vil òg vere i svart-kvitt.

Akkurat korleis dei har kome fram til dei 10 punkta er uvisst, men mest sannsynleg er det gjennom nokon som har vore på ei førehandssyning av filmen for å teste den på publikum.

Spente er me iallfall, spesielt når dei hevdar at den er meir komedieprega enn hans to siste – Antichrist og Melancholia.

Les meir i detalj på Montages.

Når er ein film for lang?