Lister er alltid gøy, og – sjølvsagt – ekstra moro når ein finn noko ein kjenner igjen.

New York Times filmanmeldarar, Manohla Dargis og A. O. Scott (kjend frå Ny Times Critics’ Picks) har plukka ut ei liste over dei 20 mest lovande filmskaparane i verda. Kriteria var at dei skulle vere under 40, og at båe to skulle vere vilt begeistra for dei.

Blant dei spennande filmstemmene verda over fann dei éin nordmann, Joachim Trier. Dei trekk spesielt fram filmen Reprise frå 2006, og oppveksten med faren Jacob (som blant anna var lydteknikar på Flåklypa Grand Prix). NYT trekk òg inn andre slektningar, som bestefaren Erik Løchen (Jakten), og den kontroversielle dansken Lars von Trier (Melancholia).

Reprise poster. (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS)
Plakat for Triers «Reprise». (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS)

Les også: Topp 5: Topp 5-lister

Subjektive lister er som kjend dei beste listene, men dei hevdar sjølv at målet ikkje var å kvotere inn noko som helst:

– Desse 20 representerar ikkje ein skule, ei rørsle, eller ein spesiell generasjon. Det dei representerer er framhaldet av personlege visjonar, og filmens uthaldenheit, som i sitt andre århundre framleis er ein kunstform med ei lys framtid, skriv dei to.

Mykje gøy

Den totale lista, med unntak av Trier, er: Dee Rees, Pablo Larrain (Stem nei), Andrew Bujalski, Yorgos Lanthimos (Dogtooth), Corneliu Porumboiu, Sarah Polley (Stories we tell), Alison Klayman, Matias Pineiro, J.C. Chando, Sebastian Silva, Benh Zeitlin (Beasts of the Southern Wild), Na Hong-jin, Barry Jenkins, Andrew Haigh (Weekend), Maren Ade, svenske Malik Benjelloul (Searching for Sugar Man), Terence Nance, Lixin Fan og danske Mia Hansen-Love.

Sjå heile New York Times’ liste her: 20 Directors to Watch

Såpass store hendingar som Oscar-nominasjonar er tydelegvis inga hindring for å kome på lista, sidan Benh Zeitlin er der. Sjølv skulle eg gjerne ha sett filmskaparar som Colin Trevorrow (Safety not guaranteed), Brit Marling (strengt talt ikkje regissør, men iallfall Another Earth) og Ryan Coogler (Fruitvale Station) på lista.

Fortel kva filmskapar du meiner det er verdt å følgje med på i kommentarfeltet.