Puppeteers regissør Gavin Moore har uttalt at spelet var ei frihamn etter actionspelet The Getaway, og at han vart inspirert då sonen hans heller ville vere utandørs og leike enn å sitje inne og spele. For kva ville sonen hans spele?

– Noko der alt endrar seg kvart femte minutt!

Puppeteer er ikkje perfekt, men etter ei reise med bilar gjennom ørkenen, symjande og hoppande i riggen på piratskip, frå grein til grein i jungelen, og over golde månelandskap, så kan eg seie at ja, akkurat dét har han klart!

Puppeteer. (Foto: Sony)
Kutaro og den magiske saksa Calibrus. (Foto: Sony)

Anmelding: Rayman Legends: – Årets første spill-sekser!

Hovudlaus Espen Askeladd

Du tek på deg rolla som Kutaro, ein ung gut som vert teken frå jorda til månen av den vonde Moon Bear King. Skurken nyttar vanlegvis dei fanga sjelene til born som drivstoff til vaktarane på slottet sitt, men vår helt slepp unna med «berre» å miste hovudet.

Som ein hovudlaus Espen Askeladd fér Kutaro rundt på heile månen og plukkar opp ulike hovud han finn langs vegen – og deira medhøyrande eigenskaper – for å få attende sitt opphavlege ansikt. På vegen vert han godt hjelpt av den legendariske saksa Calibrus, samt hjelparar med varierande motivasjonar.

All hovudlausheita kan kanskje høyrest litt morbid ut, men det er ufarleggjort av at absolutt alle figurane er dokker. Puppeteer er sterkt inspirert av japansk bunraku-dokketeater – der miljø og figurar vert styrt og endra av eit utal scenearbeidarar med stram koreografi.

Og det ser nydeleg ut. Bilderamma er scena, tittelmenyen er sceneteppet, og forteljaren ynskjer deg på førehand velkomen til førestillinga. Det skapar ei god atmosfære når publikum buar, ler og skvetter til det som hender på scena. Dokkene er karakteristiske for denne typen teater, med ein sterkt tilhøyrande personlegdom.

Puppeteer. (Foto: Sony)
Moon Bear King, og hans rævsleikande general, Tiger. (Foto: Sony)

Saks som transportmiddel

Historia er lineær, og ein har – som i plattformspel flest – ikkje særleg store valmogelegheiter på kva ein skal gjere. Som i eventyrtradisjonen er det i utgangspunktet basert på ein kjent og kjær formel, men heldigvis med nok kjærleik og karakter til at det skil seg litt ut.

Som i til dømes Super Mario Galaxy-spela kan ein andrespelar utstyrast med ein Dualshock eller PS Move-kontroll som éin av to udødelege hjelpefigurar. Hovudspelaren kan få hjelp til større og mindre hendingar – alt frå å enkelt samle inn månesteinbitar, til å reaksjonsraskt dytte vekk hindringar.

Dette skapar ein fin balanse der både hovudspelar og hjelpespelar får ulike roller etter kva eigenskapar dei har – Puppeteer er absolutt eit spel der både erfarne og uerfarne spelforeldre kan setje seg i sofaen og hjelpe til (og kanskje forklare det den engelske talen seier). I mitt tilfelle var det kona som plukka opp kontrollen, og rydda veg for meg gjennom dei ville områda.

Puppeteer. (Foto: Sony)
Mange ulike spelmiljø å boltre seg i. (Foto: Sony)

Slåstinga i seg sjølv er eigentleg ganske lite variert. Du nyttar saksa til å klippe bort fiendar, og får etter kvart spesialhovud med utvida eigenskapar. Då er det bra at miljøa rundt deg er såpass varierte, og artige. Saksa vert like ofte nytta som eit transportmiddel gjennom edderkoppnett, sømmer i sceneteppet eller stoffreimer – dynamisk, raskt og herleg.

Anmelding: Luigis Mansion 2: – Ufortjent i skyggen til storebror

Sterkt tilstadeverande historie

Blant spelets få problem er dei akkurat litt for lange mellomsekvensane. Sjølv om spelet gjer narr av det på eit tidspunkt – akkurat idet nokre havfruer har blitt LITT for irriterande i sine musikalske utleggingar – burde nok spelskaparane ha kutta manus litt, eller nytta andre måtar å fortelje det på.

Dei beste scenene er stort sett når handlinga får gå føre seg medan spelaren tek seg fram i terrenget. Eit fint grep hender når forteljaren skifter side, og plutseleg omtalar Kutaro som skurken under ein bosskamp. Årsaka? Bossen er ein gigantisk krabberobot, og forteljaren elskar robotar! Scener der kommentarar flyg fram og tilbake er glimrande, og emulerer det beste frå dokketeateret – så lenge ein faktisk får gjere noko samtidig.

Leiaren blant 2D(3D)-plattformspel akkurat no er framleis fantastiske Rayman: Legends. Om du derimot synest det manglar litt fokus på historie i dét spelet har du Puppeteer, der du badar i ei sterkt tilstadeverande historie, i ei verd du neppe har leikt deg i før.

Det er gøy at Sony eksperimenterer, sjølv om det er innanfor trygge rammer, og deira Japan Studios (Patapon, LocoRoco, Gravity Rush) har framleis interessante spel på blokka. Nestemann ut er usynlegheitsspelet Rain:

Om SPILLET

Puppeteer
  • Puppeteer
  • Slippdato: 11.09.2013, Playstation Network og butikk
  • Regi: Gavin Moore
  • Utgiver: SCE Japan Studios
  • Originaltittel: Puppeteer
  • Plattformer: Playstation 3
  • Sjanger: Action, Barn, Eventyr, Plattform