Det har vore stille rundt dei offisielle detaljane frå den komande Star Wars Episode VII. Som med fleire av sine andre prosjekt har regissør J.J. Abrams ei eiga evne til å halde ting hemmeleg, og ei forkjærleik for å forvirre publikummet sitt på førehand – noko som er forurolegande for ein del Star Wars-fans.

I eit intervju med Entertainment Weekly forsøker han likevel å berolige publikum litt, ved å fokusere på kva hans komande film vil vere:

– Me arbeider verkeleg hardt for å lage ein film som kjennest så emosjonell og autentisk som mogeleg.

Saoirse Ronan («Hanna») er blant dei mange som ryktast til «Star Wars». (Foto: Evan Agostini, NTB Scanpix).
Saoirse Ronan («Hanna») er blant dei nylegaste som ryktast til ei rolle «Star Wars». (Foto: Evan Agostini, NTB Scanpix).

Les også: Avviser regissør-byte på ny Star Wars-film

Ryktebørsen rår

Dagleg poppar det opp rykte, «rykte» og forslag til den nye serien, og berre i løpet av dei siste to vekene har både Benedict Cumberbatch, Saoirse Ronan, Michael B. Jordan og David Oyelowo blitt kopla til dei komande filmane – utan noko som helst form for stadfesting.

Cumberbatch har vore særleg omdiskutert, sidan han nyleg hoppa av Guillermo del Toros Crimson Peak. Den britiske skodespelaren spela i Abrams’ Star Trek Into Darkness, og det var mykje hemmelegheitskremmerier då òg. Sjølv har Cumberbatch avkrefta.

Det bør vel òg seiast at alle desse rykta har opphav hjå nettsida Latino Review, som har hatt store scoop i fortida, men lågare treffprosent dei siste åra.

Det me faktisk veit om filmen er framleis at det vert éin i året frå 2015 fram til minst 2019, at Oscar-vinnande Michael Arndt (Little Miss Sunshine) skal skrive manus for den første, at to av dei tidlegare manusforfattarane samt komponist John Williams er attende på dei nye prosjekta. Mark Hamill, som spela Luke Skywalker i dei første filmane, er òg observert i trening for ei rolle i filmen.

Anmelding: Star Trek Into Darkness: – Et lite klasseskille mellom Cumberbatch og resten av skuespillerne

– Som då eg var 11

Abrams har fått mange, mange, mange råd frå internett det siste året, og seier at noko av det faktisk har nådd gjennom til han.

– Det er flott å sjå kor viktig det er, og kor viktig det er for så mange ulike menneske. Me veit alle at [Star Wars-skapar] George sin draum omtrent har blitt ein religion for nokre, seier han til Entertainment Weekly.

– Nokon skreiv at dei berre ville at den skulle kjennast ekte; autentisk. Eg hugsar at eg kjente det slik då eg var 11 og såg den første. Sjølv om det var eit eventyr, så føltest det realistisk. For meg, er det heilt riktig.

Kva trur du dei nye Star Wars-filmane kjem til å bli? Legg att ein kommentar under videoen av Filmpolitiet som diskuterer seriens framtid.