Tredje sesong av AMC-serien The Killing, som hadde sin siste episode i august i år, vert seriens siste. Den amerikanske adapsjonen av danske Forbrydelsen får ikkje fleire sesongar, ifølgje blant andre The Wrap.

– Me har teke den vanskelege avgjersla om å ikkje lage ein fjerde sesong av The Killing, skriv AMC i ei pressemelding og takkar Fox, fansen, skodespelarane og serieskapar Veena Sud.

Svenske Joel Kinnaman (snart å sjå som Robocop) og amerikanske Mireille Enos (World War Z) speler detektivane som i dei to første sesongane leitte etter den ansvarlege for drapet på den unge kvinna Rosie Larsen.

Les også: Koselig med peis kan få amerikansk remake

Lågt sannsyn for ny redning

Serien vart først kansellert i juli i fjor, men etter ei avtale mellom Netflix og AMC fekk den ein fornya sjanse – og ein tredje sesong med Peter Sarsgaard (Jarhead) i ei utvida rolle.

Tredje sesong fekk betre anmeldingar enn andre sesong, men sjåartala var framleis ikkje høge nok til å redde ei eventuell fortsetjing. Det gjer det endå mindre sannsynleg enn før at det same vil hende igjen, men Netflix er nok dei einaste som i så fall er sannsynlege – slik dei, etter nokre års pause, gjorde med Arrested Development.

«Forbrytelsen» vs. «The Killing»: Kva er DIN favoritt?