KOMMENTAR: Tidlegare EA Sports-sjef Andrew Wilson tek i dag over jobben som administrerande direktør for EA. I ein frykteleg visjonslaus bloggpost på EA sin blogg skriv han – parafrasert – at hans tre hovudfokus vil vere å halde fram mot ei digital framtid, lage fleire spel, og tene fleire pengar. Ingen overraskingar der:

– Eg ser på EA som Verdas Beste Spelselskap. Det handlar ikkje om det me siktar etter eller det me kjem til å bli. Det er heller eit usvekka engasjement mot det vi vil bli kvar dag. Dette er ei haldning som må drive kulturen vår som eitt lag, skriv Wilson.

Eg har skrive ned desse fire setningane tre gongar, og veit framleis ikkje kva dei betyr.

Wilsons EA Sports har i all hovudsak levert gode sportsspel dei siste åra, som stadig vert eit lite hakk betre enn det førre. Med overgangen til ein ny konsollgenerasjon vert ting stadig større, og – skal me tru årets Gamescom-messe – stadig meir online. I eit intervju med Wall Street Journal utdjuper han utfordringane som EA får med større spel:

– Verkelegheita er at store spel ikkje er like lett. Spel er større, på tvers av plattformar, dei er styrt av nett-tenester, og etterspørselen er kraftigare enn nokosinne i historia vår. Samtidig skal dei tilby meir fordjupning og engasjement.

Han uttrykkjer at dei skal halde fram med å høyre på kundane sine for å levere det publikum vil ha, og skriver at dei må «fail faster» for å kunne møte forventningane publikum har til selskapet.

EAs «siger» i konkurransa «Worst Company in the USA» to år på rad – som strengt talt burde heite «The Most Hated Company on the Internet», det har lite med faktisk vondskap å gjere – tilseier kanskje at dei framleis har noko å gjere.

Det er nemleg ikkje det at EA nødvendigvis lagar dårlege spel, problemet er at selskapet – iallfall sentralt på storproduksjonar – lagar spel utan brodd (overpolert, men effektivt som Dead Space 3 – eit spel omtalt som «utarbeidd på eit møterom») og i stadige småinkrementasjonar. Når ein sikter mot å glede ein så stor base som overhovud mogeleg må ein file av skarpe kantar, og dei intetsigande fråsegna frå Wilson tilseier at dette ikkje kjem til å slutte.

Håpet må vere at nye spelsatsingar som Titanfall kan vere både gode og spennande, og at det komande Mirrors Edge 2 ikkje vert ei strigla oppleving laga i eit rom med for mange dressar. Svenskane i DICE har òg mykje spennande på plakaten med Battlefield 4.

Men ja – framtida er digital, EA kjem til å lage fleire spel, og dei kjem nok til å tene pengar på det òg. Eller?

Les også: Oppfølgjarbonanza frå EA på Gamescom – med eitt heiderleg unntak
Anmelding: NHL 14: – Same procedure as every year

Kva trur du dette vil ha å seie for EA?