Om du skulle vere blant dei mange med eit sterkt behov for å mette trongen etter superheltar, frykt ikkje. Denne vekas Thor: The Dark World er langt frå siste sjanse. Denne veka har trailer for to av vårens storfilmar, båe med Marvel-superheltar som utgangspunkt, dukka opp.

Den ferskaste er X-Men: Days of Future Past, som tek utgangspunkt i å krysse historiene i den første X-Men-kvadrilogien som starta i 200, og den nye serien som starta med X-Men: First Class i 2011, for å unngå ei mørk skjebne for jorda. Dermed får me sjå to ulike versjonar av blant anna Magneto (Ian McKellen og Michael Fassbender) og Professor X (Patrick Stewart og James McAvoy) frå ulike tidslinjer – som tydeleg har litt forskjellige syn på livet.

Namnet er teke frå ei av dei mest populære X-Men-teikneseriane, men endrar litt på det ein eventuelt måtte kjenne frå papirversjonen frå 80-talet. Regissør er Bryan Singer, som òg regisserte X-Men og X2. Noregspremiere blir 23. mai 2014.

Les også: Peter Dinklage kler 70-talsbart

Før helga kom den første ordentlege traileren for Captain America 2: The Winter Soldier. Kapteinen (Chris Evans) – som vart nedfryst under andre verdskrig, for så å bli tint opp igjen – slit framleis med å tilpasse seg vår tid.

Filmen fokuserer mest på Captain America og den russiske spionen Black Widow (Scarlett Johansen) som me båe kjenner frå Avengers-filmane, og deira jakt etter å løyse eit mysterie som strekk seg langt opp i S.H.I.E.L.D.-hierarkiet.

Handlinga tek stad to år etter hendingane i The Avengers, og det vert spennande å sjå korleis Marvel/Disney eventuelt vel å knyte handlingane i desse filmane opp mot deira nystarta TV-serie – Agents of S.H.I.E.L.D.. Noregspremiere blir 28. mars 2014.

Anmelding: Agents of S.H.I.E.L.D. S01 E01: – En herlig start på en etterlengtet superserie

Men før det kjem teikneserieversjonen av den norrøne guden Tor på lerretet allereie til helga. Thor: The Dark World er den åttande filmen i den nye serien som starta med Iron Man i 2008, og førebels har Marvel Studios planlagt sju filmar til fram mot 2017.

Les også: Bølgja av superheltfilmar er langt frå over

Når trur du folk vil gå lei av superheltar?