Det norske spelselskapet Red Thread Games annonserte i dag deira nye prosjekt, Draugen. Selskapet, med blant anna tidlegare Funcom-sjef Ragnar Tørnquist i spissen – med spel som Drømmefall og The Secret World på CV-en – skal lage eit overlevelsesspel basert i norske mytar.

Handlinga tek stad i vestlandske fjordar på 1920-talet, med ein amerikansk naturfotograf, botanikar og insektforskar i hovudrolla.

– Det er sett i dei djupe fjordane og ruvande fjella på Noregs fryktinngytande vestkyst. Spelet er ei mørk og forstyrrande reise til det kolsvarte hjartet i den norske nasjonalromantikken, skriv Red Thread Games på spelets nyoppretta heimeside.

Les også: Topp 5: ‘Vart-du-skremt-no?’

Draugen. (Foto: Red Thread Games)
Draugen. (Foto: Red Thread Games)

Horrorspel om norsk mytologi

I dag kunngjorde NFI i ei pressemelding at spelet vil bli støtta med 850 000 kroner. Dette prosjektet kjem ved sidan av deira pågåande Drømmefall Kapitler som samla inn 8,8 millionar kroner i ei folkefinansieringskampanje på Kickstarter tidlegare i år. Utviklinga av Draugen vil ikkje ta vekk merksemd frå det spelet, hevdar selskapet:

– Ingen som arbeider på Drømmefall Kapitler vil bli påverka – alle er der framleis. Men sidan båe spela vert utvikla med [spelutviklingsmotoren] Unity 3D, så blir verktøy, teknologi og kunnskap delt mellom prosjekta, som kjem alle til gode.

Draugen får namnet sitt frå det nordiske mytiske beistet, som er representert ved alt frå generelle spøkelser og vandøde, til spesifikt gjengangarane av døde fiskarar som ikkje vert gravlagt i kristen jord.

Theodor Kittelsens «Sjøtrollet», inspirert av norske myter. (Bilde: Theodor Kittelsen, public domain)
Theodor Kittelsens «Sjøtrollet», inspirert av norske mytar. (Bilde: Theodor Kittelsen, public domain)

Sistnemnde høyrest iallfall ut som det kan passe inn i spelets univers.

Spelet vil vere eit førstepersons horror-overlevingsspel, ein sjanger som har fått ein oppsving dei siste åra med blant andre svenske Frictional Games sin Amnesia-spelserie.

Vestlandsbygda du opplever i spelet har blitt mystisk aude på ein augneblink, og målet er å avduke kva som skjuler seg i dei mørke krokane.

Les også: Red Thread Games om «Drømmefall Kapitler»: – Vi er overlykkelige og litt redde

Totalt ni spel får støtte av NFI

Samtidig med Draugen fekk åtte andre spel utviklingstilskot, på til saman 6 750 000 kroner. 1 600 000 til Rock Pockets puzzlespel, gameplay-NM-vinnaren Shiftlings. 1 500 000 til Kaptein Sabeltann på nye tokt frå Ravn Studio. 800 000 går til Frostrunen, eit peik-og-klikk-spel frå nyoppstarta Grimnir sett i eit norrønt miljø.

Megapop får 500 000 til mobilstrategispelet Transit Wars. Kappløpsspelet Tetra frå Dirtybit får 500 000 kroner. Artplant får 500 000 til utviklinga av spelet Mech Tactics, eit free-to-play-spel om massive robotkampar. Markus og måneraketten, eit peik-og-klikk-spel om ein gut og ein gal vitskapsmann som skal byggje eit romskip får 300 000 kroner. Mega Sword, eit 2D-plattformspel inspirert av 80-talets actionheltar frå Henchman & Goon får 200 000 kroner.

– Både ferske studio og godt etablerte utviklarar mottok utviklingstilskot denne gongen, og det er eit stort spenn i både genre og målgrupper for spela. Antalet prosjekt som søker, og kvaliteten på prosjekta, har auka valdsomt dei siste åra, og den søknadsmassen som kom inn denne runden haldt eit meget høgt nivå, skriv Kaja Hench Dyrlie i Norsk Filminstitutt i ei pressemelding.

Vedtaket er basert på 122 søknadar og er eitt av tre tilskotsvedtak som tek av ein samla årleg pott på 20 millionar kroner.

Kva ser mest spennande ut av prosjekta?