Med blant anna Independent Spirit Awards i sekken etter deira førre film, The Perks of Being a Wallflower, er det kanskje ikkje så rart at skodespelar Emma Watson og regissør Stephen Chbotsky samarbeider igjen. Deira neste film ut er While We’re Young, skriv blant anna Deadline.

Filmen er basert på Adena Halpern si bok med omtrent same namn, og handlar om ei 75 år gammal kvinne, som føler ho har meir til felles med sitt 29 år gamle barnebarn enn si 55 år gamle dotter. Ei dag ynskjer ho at ho var 29 igjen, for éin dag – noko som på magisk historievis sjølvsagt fungerer. Dermed reiser ho på eit dagslangt eventyr med barnebarnet sitt.

Regissør og forfattar Stephen Chbosky med hovudrolleinnehavar Logan Lerman. (Foto: Jason Merritt/Getty Images for GLAAD/AFP)
Regissør og forfattar Stephen Chbosky med hovudrolleinnehavar Logan Lerman. (Foto: Jason Merritt/Getty Images for GLAAD/AFP)

Manuset er skrive av Michael H. Weber og Scott Neustadter, som òg stod bak (500) Days of Summer, og den komande The Fault in Our Stars-filmen. Chboskys regidebut var Wallflower, basert på hans eiga bok, så dette vert hans første film av andres manus.

Anmelding: «The Perks of Being a Wallflower»: – Sympatisk og engasjerende!

Bibelfilm neste ut

Historia høyrest i utgangspunktet ut som ein motsett versjon av Big frå 1988, der ein ung gut ynskjer at han var vaksen og får ynsket oppfylt. Både 500 Days of Summer og The Perks of Being a Wallflower var søte – av og til litt for søte – filmar om ung kjærleik.

Korleis dette skal fungere for ei 75 år gammal dame er kanskje meir usikkert, men det verkar å vere ein god match for materialet.

I det minste er det godt at ein rettar søkelyset på dei meir spennande ungdomsbøkene òg, ikkje berre bok-til-film-prosjekta som forsøker å ri på Harry Potter/Twilight-bølgja.

Det er ikkje sikkert kva rolle Watson skal spele – bestemora som ung, barnebarnet, eller kanskje båe? Emma Watsons neste film på kino er Darren Aronofsky (Requiem for a Dream, Black Swan) bibelfilm Noah, som kjem til norske kinoar 28. mars 2014.

Kva bok burde bli filmatisert? Kva bok burde aldri bli filmatisert?