Ifølgje The Wrap har Michael Bay (Transformers, Pain & Gain) og Paramount fått tilslag på å lage film om heltane frå Telemark under tittelen Sabotage, basert på Neal Bascombs komande bok.

Den fortel den verkelege historia om vitskapsmannen Werner Heisenberg, men òg Kompani Linge som tok seg inn til den nazistyrte kraftstasjonen Vemork ved Rjukan i 1942, for å ta knekken på Hitlers atomvåpenplanar i den såkalla Vemork-aksjonen. NRK arbeider òg for tida på eit prosjekt om dei same historiske hendingane, med Halvbroren-regissør Per Olav Sørensen, under namnet Kampen om Tungtvannet.

– Me er jo oppmerksomme på at det er fleire som har arbeidd med det, seier Tone Rønning, prosjektredaktør for Kampen om Tungtvannet, som nok vil rekkje å kome først av dei to prosjekta.

Michael Bay-prosjektets fullstendige tittel er Sabotage: A Genius Scientist, His Band of Young Commandos, and the Mission to Kill Hitler’s Super Bomb. Det høyrest for all del ut som eit prosjekt for filmskaparen, som er velkjend for å vere ekstremt glad i eksplosjonar. Stakkars Rjukan!

Mykje action i 1965-versjonen òg!

Anmelding: «Max Manus»: – Storslagen historie!

Filmatisert tidlegare

Vemork-aksjonen tidlegare blitt filmatisert i blant anna i Heltene fra Telemark frå 1965, med Kirk Douglas, og i den fransk-norske filmen Kampen om Tungtvannet frå 1948, der fleire av sabotørane spelte seg sjølv.

Men kvifor er dette ei historie som fortener å bli fortalt såpass mange gonger?

– Historia har nokre klare parallellar til fridomskjemparar rundtom i verda i dag, om kven som definerar slike titlar. Samtidig er den er ei viktig påminning om at dersom me har lyst til å ha eit fritt og demokratisk samfunnet, så må me stå opp for det, seier Rønning.

TV-formatet gir meir tid

Det er ikkje avklart om Michael Bay kjem til å regissere filmen, men han vert iallfall produsent. Om den då vil få hans særeigne touch, med fokus på store eksplosjonar, er framleis ikkje sikkert. Rønning meiner uansett at TV-formatet vil passe denne historia best.

– Me fortel ikkje berre om sabotørane, men òg om Werner Heisenberg, som framleis er ein av verdas største vitskapsmenn. Dette vert òg om hans dilemma: skulle han gå inn i hæren eller gjere det han elska aller mest, nemleg å forske og bli i Berlin med familien sin. Eit veldig vanskeleg val. Me fortel historia om dette i seks episodar, så me kjem tettare inn på dette enn det kva ein får til i ein spelefilm på 90 minutt.

Kampen om Tungtvannet er venta til NRK jula 2014, meir informasjon om kven som skal spele i serien vil kome på måndag. Michael Bays Sabotage kjem neppe før 2015, om ikkje endå seinare.

Kvifor bør nokre historier forteljast fleire gongar på film?