Med rolla i Game of Thrones har Peter Dinklage teke steget ut i stjernetåka blant Hollywood. Difor er det gøy å sjekke ut kva han gjer sånn utanom òg, ettersom det er meir enn berre manus som gjer Tyrion Lannister til ein slik fantastisk artig figur å følgje – vel unt både Golden Globes og Emmy-prisar.

Dinklage neste prosjekt ser likevel ut til å bli noko litt anna. Ifølgje Hollywood Reporter har filmen, som førebels ikkje har fått ein tittel, skal han spele ein mann hvis mål er å overtyde alle om at han er ein «leprechaun», ein pøbelaktig nisse frå irsk folketru.

Filmen er skriven av Andrew Dodge, som for tida er aktuell med filmen Bad Words, der Jason Bateman (Arrested Development, Horrible Bosses) regisserar og spelar hovudrolla som ein vaksen mann som gjennom eit smutthol i regelverket får delta på stavekonkurransar for skuleborn – for å hemne seg på hans forsmedelege tap i ungdommen.

Anmelding: «Game of Thrones»: – Dinklage fortsetter seiersrunden som den beste rollefiguren i TV-serien

Vert det inspirasjon frå Jennifer Anistons debutfilm «Leprechaun»?

Superhelthatar og rollspelnerd

Nisseprosjektet til Dodge og Dinklage er omtala som «18-årsgrense med hjarte», og skal ha same tone som Bad Santa – filmen der Billy Bob Thornton spelar ein forfylla, bannande, sexavhengig, men merkeleg omtenksam butikksenternisse.

Eit lovande utgangspunkt, med ein spennande manusforfattar og ein fantastisk skodespelar i hovudrolla, med produsentar frå blant anna Elf og Wedding Crashers. Dinklage er på ei god bølgje, og har vore sjåverdig i alt frå The Station Agent til Death at a Funeral, og det kjem nok meir godt stoff i åra som kjem.

Dinklage neste film vert i rolla som Bolivar Trask i X-Men: Days of Future Past, ein forskar med eit horn i sida til våre heltar, mutantane.

Her er traileren til eit av Dinklages mindre, komande filmar, Knights of Badassdom. Kva hender når laivarar – live-rollespel i skauen – ender opp med å opne ein høgst verkeleg port til ein anna dimensjon? Filmen er ferdiginnspelt, men har førebels ingen europeiske distributørar.