To dagar etter lanseringa av GTA V sin onlinedel er det framleis store problem for spelarar å kople seg på. Sidan tysdag har Rockstar arbeidd «døgnet rundt» med å fikse ni kjende feil i systemet, som rett og slett har blitt overkøyrd av mengda spelarar som vil på samtidig.

Det siste er at utviklaren no stengjer dei planlagde mikrotransaksjonane midlertidig for å opne serverkapasitet.

– Spelarar kan derimot framleis tene GTA$ ved å gjere jobbar og andre profitable aktivitetar heller enn å kjøpe pakkar med pengar, seier Rockstar.

Hittil har dei ordna eit problem for Playstation 3-spelarar, der ei avgrensing hjå PSN skal ha hindra spelarar å kome inn. Spesifikt arbeider dei hovudsakleg med stabilitetsproblem, slik at dei som faktisk kjem seg inn i systemet får spelt gjennom opplæringsoppdraga utan å bli kasta ut igjen.

Ein av dei vanlegaste feilmeldingane hittil.
Ein av dei vanlegaste feilmeldingane hittil.

Les også: Burde «Bully 2» vere Rockstars neste spel?

– Høgare antal spelarar enn me forventa

Det må nesten omtalast som eit luksusproblem, ettersom det i løpet av dei første vekene har blitt omsett rundt 15 millionar eksemplar av spelet. Rockstar sa tidleg frå at det nok kom til å bli problem ved lansering, men sjølv ikkje ekstra datakraft dei siste vekene har hjelpt.

– Me prøver å lindre det så kjapt me kan, det er enorme mengder ekstra trykk på serverane på grunn av eit betraktelegt høgare antal spelarar enn det me forventa på dette tidspunktet, seier dei på supportsidene sine.

Filmpolitiet har så vidt kome seg inn i systemet på heldige tidspunkt – og testa bilracing og deathmatch-forsøk – men ikkje i stor nok grad til at me føler at det går an å anmelde denne delen av det enno.

Problem ved store onlinelanseringar er ikkje akkurat uvanleg. Berre dei siste åra har blant anna Diablo 3 og SimCity hatt problem ved oppstart på grunn av stor pågang. Til skilnad frå GTA V gjekk mykje av kritikken til dei to spela at ein med manglande nett heller ikkje kunne spele éinspelardelen.

Frå «SimCity»-lanseringa: Det EA ikke vil snakke om

Har du fått testa GTA Online? Kva synest du?