Lawrence Kasdan og regissør J.J. Abrams (Star Trek Into Darkness, Super 8) har teke over manusforfatteroppgåvene for Star Wars Episode VII. Oscar-vinnande Michael Arndt (Little Miss Sunshine, Toy Story 3) – som me tidlegare har omtalt som «mannen som kan redde Star Wars» – er ferdig med sin del av arbeidet.

– Michael Arndt har gjort ein fantastisk jobb for å bringe oss hit, og me har eit fantastisk filmskaparlag som er på plass for å førebu produksjonen, seier Lucasfilm-president Kathleen Kennedy på StarWars.com.

Lawrence Kasdan er ein veteran i Star Wars-universet, og skal no arbeide på manus for både hovudtrilogien og spinoff-filmane. (Foto: Alberto E. Rodriguez/Getty Images/AFP)
Lawrence Kasdan er ein veteran i Star Wars-universet, og skal no arbeide på manus for både hovudtrilogien og spin-off-filmane. (Foto: Alberto E. Rodriguez/Getty Images/AFP)

Les også: Éin Star Wars-film kvar sumar fram til 2019

Mogelege manusendringar

Kor dramatisk dette er varierar utfrå kven du spør, nokre meiner dette er ei følgje av at Abrams ikkje er nøgd med Arndts manus, som no skal bli etterbehandla for produksjonsstart våren 2014.

Kasdan var tidlegare «berre» hyra inn som konsulent etter at han skreiv manuset for Empire Strikes Back (1980) og Return of the Jedi (1983), men har tydelegvis blitt oppjustert for manusforfattar for dei fleste av filmane etter kvart.

– Det er veldig få menneske som forstår måten ei Star Wars-historie fungerer på eit så fundamentalt plan som Lawrence, og det er godt å ha han endå djupare involvert i returen til lerretet, skryter Kennedy.

Les også: – Alle har vært på Star Wars-audition!

Lite nytt frå fronten

Førebels er så godt som ingenting offisielt avslørt om kva filmen vil handle om eller kven som skal spele i den, og det har sjølvsagt ikkje gjort ryktestormen dei siste månadane mindre.

Abrams er kjend for å halde korta tett til brystet så lenge som mogeleg, og ofte også ty til forvirringar og kvite lygner for å gøyme figurnamn og historier for fans og journalistar (og fanjournalistar).

Eit av dei mest sirkulerte rykta er at det første av videomateriale – mest sannsynlegvis ein teasertrailer utan direkte tilknyting til filmen – vil dukke opp mot slutten av oktober. Vel, Abrams, Disney og Lucasfilm, no er det snart slutten av oktober. Your move!

Bak kamera er det derimot litt meir opne kort. Filmfotograf Dan Mindel, som har arbeidd med Abrams på Mission Impossible 3 og båe Star Trek-filmar, vert fotosjef. I tillegg er det er ei røys med ulike Lucasfilm- og Industrial Light & Magic-medarbeidarar som skal stå for effektane – deriblant legendariske Ben Burtt på lyddesign, og legendariske John Williams som filmmusikkomponist.

Kva er ditt første minne om Star Wars?