Worlds End er regissør Edgar Wrights mest vaksne film hittil – både på godt og vondt. Den tredje spelefilmen hans saman med radarparet Simon Pegg og Nick Frost er meir moden i tema den behandlar, men har samtidig mista litt av det spreke som gjorde dei førre filmane hans til visuelle perler.

Etter at eg, etter sigande, har litt av ansvaret for at filmen vert sett opp på norske kinoar, så kjennest det òg naturleg å helse på gjengen igjen. Uansett eit godt gjensyn med verdas ende.

Gary «Motherfuckin’» King (Simon Pegg) er der han har vore sidan han var 18, ein gong på 90-talet. Kledd i svart lær, svart dongeri, med svartfarga hår og ringar på alle fingrar – og med eit litt for nært og kjært forhold til alkoholen – har han framleis ikkje gløymd den beste natta i sitt liv.

World's End. (Foto: UIP)
The boys are back in town. (Foto: UIP)

Då han nesten klarte å gjennomføre heile pub-til-pub-runden i heimbyen Newton Haven, minst éin øl på 12 ulike utestadar – The Golden Mile.

Slutten på The Cornetto Trilogy

Difor samlar han den gamle gjengen for å fullføre det han starta for 20 år sidan. Steven (Paddy Considine), Oliver (Martin Freeman) Peter (Eddie Marsan), og hans – tidlegare – beste ven, Andy (Nick Frost) vert litt motvillig med på pubrunden, om ikkje anna for å tekkast den minst vaksne i gruppa, som verkar å vere den einaste som ikkje har oppdatert livet sidan «den gong då».

Godt eksemplifisert ved den 20 år gamle miksteipen som han aldri har teke ut av bilen sin.

– Haha, kvar fann du denne? seier Paddy.
– Kva meiner du? Den har jo alltid vore her!

«The Cornetto Trilogy» er Edgar Wrights namn på dei uformelle samanhengane mellom zombiepastisjen Shaun of the Dead, actionfilmparodien Hot Fuzz og no World’s End, manifestert gjennom at det britiske iskremmerket Cornetto dukkar opp i alle tre. Skilnaden frå dei to første er openbar først og fremst i at dette ikkje i like stor grad er ein sjangerparodi, heller eit komidrama, med innhopp av Wrightsk surrealisme. Nei, denne engelske småbyen er overraskande nok ikkje heilt det den ser ut til å vere.

Eg synest filmen gjer det bra på to ganske ulike områder. På den eine sida – den overraskande såre utbroderinga av Garys liv, og funderinga rundt 40-årskrisa som nok gjer dette til den mest modne filmen til regissøren. På den andre sida, Wrights deilege spinning rundt musikalsk rytme, rask klipping, og visuelle vitsar i tillegg til dei manusfesta – nettopp det som gjorde han perfekt i jobben som Scott Pilgrim-regissør. Eit av problema er at desse to sidene står litt for langt frå kvarandre.

World's End. (Foto: UIP)
Litt meir dramatisk kveld enn du hadde forventa, Gary? (Foto: UIP)

Anmelding: Scott Pilgrim vs. The World

Wrights mest usympatiske hovudfigur hittil

Slauren som hovudperson har vore gjennomgåande i mange av gjengens prosjekt, sidan før Spaced (med det flotte norske namnet Speisa) på slutten av 90-talet. Gary King er nok den mest usympatiske hittil, som ein merkeleg karismatisk skikkelse som har lefla med rusmiddel av ulik styrke sidan vidaregåande var over.

World's End. (Foto: UIP)
Det er mange ting som er galt med Gary King, og det vert sårt utbrodert. (Foto: UIP)

Han framstår i sitt eiget hovud omtrent som ein helt i sin eigen middelaldersaga (han refererar blant anna til kong Arthur), medan dei rundt ikkje heilt skjønar korleis han kan ha gløymd at han vakar rundt 40-årsmerket. Gjengens gradvise overgang frå stivskuldra bekjente til gamle kameratar er fornøyeleg beskrive.

Ekkoa gjallar tilbake både i tid og til tidlegare prosjekt gjennom frampeik og bakpeik. Har ein Bond-skodespelar tidlegare dukka opp som merkeleg, autoritær figur? Ja, det har han. Hintar namna på dei 12 pubane til hendingane i filmen? Jepp. Er den perfekt utvalde, herlege 90-talsmusikken meir enn berre catchy bakgrunnsstoff. Jess!

Grunnleggjande er nok World’s End litt for lang, og det er tydeleg at regissørane har blitt litt for glade i koreografert nevekamp – minst éin kunne ha blitt kutta utan særleg problem. Avsløringa mot slutten luktar òg meir av tung overforklaring enn skarp satire, men vegen dit er morosam – om ikkje like reint parodiske som andre filmar frå same hovud. World’s End er ikkje like god som dei to førre i serien, men den visar glimta av det som gjer Edgar Wright så spennande – krafta til å leike med etablert sjangerfilmhistorie, men samtidig overraske sjåaren.

Dog, om ikkje anna, så skal Gary King ha skryt for å gjenbruke eit av Casablancas sentrale sitat, dog i ein litt ny kontekst.

– Vi vil alltid ha handikap-toalettet.

Det vil me, Gary. Det vil me alltid.

Om FILMEN

World's End
  • World's End
  • Slippdato: 18.10.2013
  • Regi: Edgar Wright
  • Utgiver: United International Pictures
  • Originaltittel: World's End
  • Sjanger: Action, Komedie