Regissøren bak den Emmy-nominerte miniserien Top of the Lake (anbefalast, kjem på TV2 i haust) har fått eit nytt oppdrag. Ifølgje Deadline er Garth Davis førstevalet når Warner Bros og produsent Johnny Depp skal filmatisere spenningsboka Shantaram.

Historia om den heroinavhengige Lindsay som rømmer frå fengsel i Australia for så å slå seg opp som kriminell – etter kvart òg gatelege – i Bombay har selt millionar verda over, og er basert på forfattar Gregory David Roberts eigne opplevingar då han vart Australias mest ettersøkte mann på 80-talet. Hendingane går så vidare til blant anna Afghanistan, der han slåst mot krigsherrar og russiske okkupasjonsstyrker. Det heile er meget, meget spennande.

Les også: Linnea Myhre anbefaler «Shantaram»: – Perfekt blanding av moro og tortur

Johnny Depp i et arkivfoto fra 2011. (AP Photo/Chris Pizzello, File)
Johnny Depp skulle opphavleg spele hovudrolla, no har han i staden innteke jobben som produsent. (AP Photo/Chris Pizzello, File)

Allereie i 2003, same år som boka kom ut, var mange interesserte i å filmatisere boka, og prosjektet har vore i det såkalla «development hell» sidan då – blant anna då planlagd med Johnny Depp i hovudrolla. To regissørar seinare – Peter Weir (The Truman Show) og Mira Nair (New York, I love you) – ser prosjektet ut til å vere nærare realisering enn nokosinne.

I mellomtida har Joel Edgerton (Great Gatsby, Warrior) teke over hovudrolla, medan Depp – som var den som pitcha inn ideen for Warner Bros til å byrje med – har teke ei produsentrolle for å halde prosjektet i gang. Manuset for det første versjonen av filmen vart skrive av forfattaren sjølv, i etterkant er det Eric Roth (Forrest Gump, Benjamin Button) som har arbeidd med manuset sidan 2005.

Australske Garth Davis er ei stigande stjerne i TV-verda, og leverte ein sjåverdig arbeidsprøve med TV-serien Top of the Lake med Elisabeth Moss (Mad Men i hovudrolla. Johnny Depps neste film ut er Transendescense frå Nolan-fotograf Wally Pfisters regidebut. Joel Edgerton vert for tida filma som kong Rhamses II i Ridley Scotts filmatisering av andre Mosebok.

Les også: 5 TV-serieperler vi anbefaler, deriblant «Top of the Lake»

Kva bok meiner du hadde gjort seg best på kinolerretet? Legg att ein kommentar under videoen av Roberts som kjapt fortel om hendingane som førte til bokas utgiving.