Greitt, ikkje at det var ei kjempestor overrasking. Den herlege astrodroiden R2-D2 har vore i omtrent alt av Star Wars-relatert sidan sci-fi-seriens byrjing. Det første hintet om hans deltaking kom då produksjonsselskapet Bad Robot tweeta eit bilete av regissør J.J. Abrams, produsent Kathleen Kennedy, og R2-D2 saman med to ikkje-identifiserte menn.

I dag offentleggjer Lucasfilm at R2-D2 absolutt skal vere med i filmen, og at dei to mennene er Lee Towersey og Oliver Steeples – Star Wars-fans og medlemmer i R2-D2 Builders Club, ei verdsomspennande gruppe for robotbyggjarar. Dei skal byggje, styre og ta vare på roboten i dei komande filmane.

Jobben fekk dei etter at Kennedy besøkte ei Star Wars-messe i fjor.

Frå venstre: J.J. Abrams, Lee Towersey, Oliver Steeples, Kathleen Kennedy. R2-D2 i front. (Foto: Bad Robot)
Frå venstre: J.J. Abrams, Lee Towersey, Oliver Steeples, Kathleen Kennedy. R2-D2 i front. (Foto: Bad Robot)

– Eg nemnde at R2-D2-byggjarane i Storbritannia var tilgjengelege om det var nødvendig, halvveges som ein spøk. Då eg vart kontakta for å arbeide på filmen var det på hennar anbefaling, seier Steeples.

Les også: Topp 5: Små heltar

Ingen Kenny Baker?

Den metalliske divaen – som opphavleg vart designa av Tony Dyson, dels laga av eit sylinderforma flyklimaanlegg – har vore med i alle dei seks Star Wars-filmane, ei rekkje sideprosjekt, og er ei av filmserien mest attkjennelege figurar.

I dei første filmane var skodespelaren Kenny Baker inni robotkroppen for å gi figuren liv. Målet denne gongen kan sjå ut til å vere at teknologien skal vere så god at ein ikkje treng menneskelege rørsler for å få personlegdom og framkommelegheit til roboten.

– Me er for tida i ein designfase der me ser på motorløysingar for pålitelegheit i alle terreng. Me har eit par idear som me håper på å prøve ut veldig raskt, seier Towersey.

Disney kjøpte opp heile Lucasfilm og alle deira skapningar for 4 milliardar dollar i fjor haust, og planlegg minst fem Star Wars-filmar. Førebels er planane éin trilogi-serie, og minst to spin-off-filmar – éin kvart år frå 2015 av. Regissør J.J. Abrams har halde korta tett til brystet hittil, så få detaljar om filmen er kjend.

Les også: Opne auditions for Star Wars-roller i London


Det R2-D2 EIGENTLEG seier. Denne videoen har lite med artikkelen å gjere, men den er for morosam til å ikkje ta med.

– Håper eg kan leve opp til forventningane

Det har ryktast om at andre gamle stjerner skal dukke opp igjen – blant anna har både Carrie Fisher og Mark Hamill uttalt at dei har snakka med Star Wars-skapar og manuskonsulent George Lucas – men ingen av dei er endeleg bekrefta av Disney og LucasFilm.

Ingenting er heller sagt om R2-D2s gylne livspartnar, C-3PO, men der den eine ferdast er den andre neppe særleg langt unna. Duoen har i filmane utvikla eit spesielt forhold saman, som nok vil vere vanskeleg å bryte opp for manusforfattarane – og robotbyggjarane.

– Eg håper eg kan leve opp til forventningane til dei tusenvis av R2-D2-byggjarane verda over, og sjølvsagt millionar av Star Wars-fans, seier Steeples.

Me får sjå R2-D2 og resten av det hittil ukjende rollegalleriet i Star Wars: Episode VII på lerretet den 18. desember 2015.

Dublidublipip! Beep-beep-broip-boop?