Oscar-akademiet er ein tradisjonstung organisasjon. Sist dei tilførte ein ny kategori var Beste animasjonsfilm i 2001 – ofte sett i samanheng med Pixars Toy Story – men det er mange andre filmarbeidarar som òg kunne tenkje seg å vere representert i den største utdelinga i filmverda. I eit intervju med Vanity Fair slår actionskodespelaren Jason Statham eit slag for stuntkoordinatorane:

– Eg synest det er ein oversett kategori, spesielt med tanke på kor mykje ansvar desse har for noko av den beste underhaldninga i actionfilmar. Eg meiner, alle stuntfolk, dei er ukjende heltar. Verkeleg!

Greit, å flyge er det kanskje greit å ha grønnskjerm til. (Foto: Warner Bros)
Greit, å flyge er det kanskje greitt å ha grønskjerm til. (Foto: Warner Bros)

– Så har du pinglete skodespelarar som lèt som dei gjer stunts, seier skodespelaren – som for ordens skuld gjer sine eigne stunts.

Anmelding: Safe: – Med stuntkoordinatoren høyt på rulleteksten

20 år med kamp

Statham, som blant anna var på landslaget i stup i Storbritannia før han vart skodespelar, er òg trent i ulike kampsportar. Han meiner at det er ei farse at ingen belønner stuntkoordinatorane, men i staden let skodespelarane ta æra.

– Folk som står framfor ein jævla grønskjerm og skjer grimasar medan ein lèt som ein gjer stuntet. Eg er frustrert over dette fordi eg kjenner desse koordinatorane. Eg trener med dei heile tida, og dei er utruleg talentfulle.

Statham er ikkje den første som foreslår dette. Jack Gill, som har gjort stunts i alt frå The Rock og Dukes of Hazzard til Fast & Furious 7 og Talladega Nights, har kjempa for dette sidan 90-talet – då han kom inn i Akademiet som manusforfattar og regissør.

I 22 år har han kjempa for dette, utan hell, og i 2013 vart ikkje søknaden hans ein gong teken opp.

– Ver snill, ring dei og spør om Akademiet har noko grunn til å meine at stuntkoordinatorar ikkje er verdige til å stå der oppe med sine bransjefeller for å akseptere ein Oscar, skreiv Gill i eit opprop til bloggen FilmSchoolRejects.

Les også: I skyggen av Jeff – Stuntmann Loyd Catlett er en av Hollywoods ukjente stjerner


Jackie Chan er ein anna skodespelar som gjer alle stunta sine sjølv, her i dokumentaren My Stunts frå 1999.

Mange mogelege Oscar-kategoriar

Andre kategoriar som har eksistert, men seinare er teke vekk, er blant anna Beste komedieregi. Golden Globes har eigne humorkategoriar, for å vege opp for ein sjanger som vanlegvis vert litt oversett i pris-samanhengar, men Oscar-akademiet har ikkje teke dette til seg etter den første utdelinga i 1928.

Men kva med Beste debutspelefilm for å trekke fram unge, nye namn? Eller Beste skodespelarensemble, for å lønne godt utfylte rollegalleri?

Suksessen med verdsromsdramaet Gravity – der regissøren sjølv har uttalt at 80 % av filmen er handanimert, med unntak av ansikta til skodespelarane – har òg ført til etterspørsel av ein pris for Beste «Visual Imagining», i krysningspunktet mellom animasjon og spelefilm.

Ingen nye kategoriar vil vere til stades på Oscar-utdelinga den 2. mars 2014. Ellen DeGeneres skal vere vert for sendinga, som me i Filmpolitiet kjem til å følgje. Kva film som vert Jason Stathams neste er litt usikkert, men både Expendables 3 og Fast & Furious 7 dukkar opp på kinoane i 2014.

Synest du stuntkoordinatorar treng ein eigen Oscar-kategori? Kva ville du ha valt om du fekk lage ein Oscar-kategori?