Filmåret 2013 hadde før helga vore eit litt labert år for norske historier på kino. Solan og Ludvig – Jul i Flåklypa har derimot hjelpt kraftig del på statistikken etter å ha oppnådd den beste opningshelga på kino i år – uavhengig av nasjonalitet.

137 347 besøkjande løyste inn billettar til filmen med dei kjende figurane frå Kjell Aukrusts univers i løpet av helga, noko som bringer det totale besøkstalet opp til 173 257, ifølgje Filmweb.no.

Det plasserer den godt over andreplassen på lista, Iron Man 3, og langt over næraste norske film, Gåten Ragnarok.

Les også: – Aukrust-kjennarar vil seie at det er i tråd med hans tekstar

Ifølgje distributøren Nordisk Film er filmen sett opp på absolutt alle norske kinosenter, rundt 180 kinoar, noko som sjølvsagt hjelp på besøket. Med over 170 000 så langt er det sannsynleg at filmen når 500 000 selde billettar før året er slutt.

Dermed vil den nok balansere ut det som hittil har vore eit kinoår med lågare besøk til norske filmar. Den har dog litt igjen på det som framleis er rekna som den mest besøkte kinofilmen nokosinne – Flåklypa Grand Prix – som i sitt 38. år er anteke å ha seld over 5 millionar kinobillettar.

Har du sett filmen? Kva synest du? Legg att ein kommentar under Birgers anmelding: