Om du ikkje er ein av dei rundt 74 000 i Noreg som har sett Gravity, fortvil ikkje – denne sju minutt lange kortfilmen kjem ikkje med alvorlege spoilers.

I eit roleg avbrekk i regissør Alfonso Cuaróns verdsromsepos forsøker Sandra Bullocks figur Ryan Stone å kome i nødkontakt med jorda. I svevande bane rundt jorda, og med stadig mindre sjanse for å kome heilskinna ned igjen, er den einaste ho får tak i ein ukjend herremann som snakkar eit merkeleg språk.

Dette viser seg å vere Aningaaq (Orto Ignatiussen) og familien, fiskarar stasjonert i ein djup fjord på Grønland – som neppe kan hjelpe Ryan noko særleg med problema hennar, men likevel gir ho eit menneskeleg anker før ho svever utanfor rekkevidde.

Les også: Topp 5: Hard science-fiction-filmar

Kan skape interessant Oscar-historie

Kortfilmen er regissert av sonen til Alfonso, Jonas Cuarón – som òg skreiv manus til Gravity – filma på lågbudsjett for rundt 6 millionar kroner (ja, det er lågbudsjett, artig nok). Historia vart inspirert av ein full islending regissøren møtte då han var på øya for å finne ein opptaksstad for ein anna film.

Alfonso og Jonas Cuarón – filmskaparar, og far og son. (Foto: AFP PHOTO/RONALDO SCHEMIDT)
Alfonso og Jonas Cuarón – filmskaparar, og far og son. (Foto: AFP PHOTO/RONALDO SCHEMIDT)

– I [Gravity] er dette ein augneblink der publikum og figuren får eit håp om at Ryan endeleg kjem til å klare seg, fortel Jonas Cuarón til THR.

– Så innser du at alt berre blir «lost in translation».

Aningaaq er no foreslått av Warner Bros til Oscar-kategorien for beste kortfilm. Om den skulle bli nominert (eller vinne, for den del), saman med ganske Oscar-sikre Gravity, vil det vere første gong at eit par samanhengande filmar som dette vil få nominasjonar – ein film frå far og son. Det er spennande med ei slik dobbelkopling av historier.

Gravity har gjort det veldig bra på kinomarknaden så langt, og tek no tida Kina med storm (iallfall teken i betrakting deira forhold til ikkje-kinesiske filmar) etter ei litt forseinka premiere der.

Melding: Gravity: – En utrolig spennende romfartsfilm, med intense nær døden-opplevelser på rekke og rad

Jonas Cuarón meiner han har laga Aningaaq som ein film som kan stå på eigne bein utan «moderfilmen» sin, men etter å ha sett langfilmen sjølv er eg litt usikker. Klarar den å stå for seg sjølv, eller er ein avhengig av å ha sett Gravity?

Kva synest du om «Aningaaq»? Kva synest du om «Gravity»?