Verdas lengstgåande sci-fi-TV-serie, Doctor Who, har 50-årsjubileum den 23. november. Som eit ledd i feiringa skal BBC sende spesialepisoden The Day of the Doctor som skal knyte saman fleire tiår av historia til den tid- og romreisande figuren.

Etter mykje press frå norsk fans har etter kvart utvalde norske kinoar sett opp episoden, som skal gå i over 70 ulike land verda over. Programdirektør Christin Berg ved Oslo Kino var imponert over engasjementet.

– Eg har aldri opplevd liknande. Me har stor pågang når det gjeld namn som Hunger Games og Justin Bieber, og andre namn med store fanbasar, men dette? Ei framsyning var utseld på 10 minutt medan me stod og såg på, det var kjempemorosamt. Så sat me opp ein nattkino rett etterpå som allereie er full, seier ho.

– Me visste at interessa var der, men me vart kanskje tekne litt på senga av at det var så dedikert.

Sterkt Facebook-engasjement

Lars Aass Olsen var ein av dei som starta opp Facebook-gruppa Doctor Who 50th Anniversary Special til Oslo Kino, som Berg nemner som ei av kreftene som har trykka sterkt på for å få sett opp episoden.

– Det tok litt tid, men gleda av å få sjå det i 3D er størst, seier han.

– Eg vart sjølv overraska over responsen. Det går jo ikkje på TV i Noreg, men interessa viser jo at det er mange som ser på det likevel!

Kunngjeringa kjem tett opptil helgas sending, fordi det har vore strevsamt å få tak i rettane til å vise det forklarar Berg. Ho trur BBC er spent på korleis det skal slå an, med visingar i såpass mange ulike land. Aller først ute var Volda for nokre veker sidan, på oppfordring frå Dave King, ein dedikert fan, men etter kvart fulgte blant andre Oslo, Bergen, Trondheim, Bryne, Fredrikstad og vise episoden. BBC har eit fullstendig kart på denne sida som i skrivande stund hadde heile 15 visningsstader.

Les også: Ventetiden over for «Doctor Who»

Day of the Doctor. (Foto: BBC)
Matt Smith, David Tennant og John Hurt som ulike Doktorar i «Day of the Doctor». (Foto: BBC)

Frå 1963 og fram til i dag

TV-serien starta i 1963, og sidan den gongen har 11 skodespelarar spelt rolla som Doktoren, ein tidsreisande Time Lord som nyttar romskipet TARDIS for å løyse overnaturlege og utomjordiske problem – anten det måtte bety at han dukkar opp 5 milliardar år fram i tid, eller på 1800-talets London. Serien har vakse som ein kultserie, spesielt etter at BBC plukka den opp igjen i 2005, då med Christopher Eccleston (Thor: The Dark World, The Others) som hovudperson.

Olsen anbefaler den femte sesongen med Matt Smith i hovudrolla som ein god start for folk som er nye til serien.

– Folk kan vere litt kresne på produksjonskvaliteten på TV-seriar no, og dei tidlegare sesongane er ikkje så sterke der. Sesong 5 er eit godt tidspunkt å starte på, så kan ein heller gå tilbake og sjå på dei eldre etter det. Kvar Doktor har jo si historielinje, forklarar han.

Zygons returnerar til den nye episoden, ein skurk Who-fansen ikkje har sett sidan 70-talet. (Foto: BBC)
Zygons returnerer til den nye episoden, ein skurk Who-fansen ikkje har sett sidan 70-talet. (Foto: BBC)

– Det er ein familievenleg sci-fi-serie. Ikkje så tørt som for eksempel Star Trek, utan at eg skal kaste skit på den serien. Meir morosamt, meir muntert og fungerer for alle. Serien blandar nye og eldre sci-fi-element, noko som gir ei kul blanding. Episodane er så utruleg forskjellige!

Les også: Topp 5: Sci-fi-TV-serier: – Sjå forbi lågbudsjettseffektane, og studer heller figurane og det dei representerer

Femti år med manusforfattarar

Mange er spent på korleis manusforfattar Steven Moffatt (Sherlock, Coupling) har tenkt å trekkje inn dei tidlegare figurane, og gjere om på historia – blant anna ved å trekkje inn John Hurt som ein ukjend Doktor. Serien har hatt mange manusforfattarar gjennom tiåra, som har sett sitt preg på serien:

– Eg ser ikkje på det som ‘min versjon’, eg tenkjer berre på det som å lage Doktor Who. Det flotte med serien er at det kan vere det du vil når som helst. Eit eventyr ein kveld, så ei skrekkhistorie, og ei romantisk komedie veka etter der, seier Moffat i eit intervju med Guardian

– Du startar ikkje med ein stor visjon, du startar med det mest spennande du kan kome på å sende på TV på laurdag kveld.

50-årsjubileet er ei opplading til den åttande sesongen av TV-serien som kjem i 2014, der Peter Capaldi (In the Loop, World War Z) skal ta over som den tolvte Doktoren. Her er ein kjapp introduksjon til serien, av Youtuberen Luke Spillane:

Kva Doktor likar du best?